Hopp til innhold

Trollstigen stengt etter trafikkork

Bussar køyrde seg fast i hårnålssvingane på den populære turistvegen Trollstigen, og vegen blei stengt.

Trafikkaos førte til kork i hårnålssvingane. FOTO: Stig Salamonsen

Stig Salamonsen var ein av mange som hadde tatt turen over Trollstigen i Rauma onsdag. Han kom seg over vegen før det korka seg heilt. Det tok likevel lang tid.

– Lite visste eg at vi skulle stå ein time i kø når vi valde å køyre denne vegen, seier han.

Trafikkaos i Trollstigen.

Den smale og svingete vegen blir utfordrande for store køyretøy.

Foto: Stig Salamonsen

Bratt og svingete

Tusenvis av turistar køyrer på den verdskjende strekninga kvart år, men det er ikkje alltid så enkelt å kome seg opp den bratte og svingete vegen for store køyretøy. Salomonsen fortel at det var kaotisk med lange køar, og at det måtte trafikkdirigentar til for å løyse opp.

– Vi måtte rygge fleire gongar for å løyse opp i flokar. Eg hadde berre vanleg personbil, men eg såg folk som var på veg oppover med campingvogn. Dei misunner eg ikkje, seier han.

Les også Er redd det skal gå fleire ras på den ikoniske turistvegen

Trollstigen åpning 2023

Vanleg at slikt skjer

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Roger Berg, seier det fort kan korke seg i dei bratte svingane i turistsesongen.

– Det er ganske vanleg at slikt kan skje på sommarstid når der er mykje trafikk. Vegen er både svingete og smal, seier han.

Onsdag klokka 1500 opplyser Statens vegvesen at vegen er heilt open att etter at det var trafikkdirigering ei stund.

Trafikkork på Trollstigen

Kø ved inngangen til Trollstigen.

Foto: Arnt M. Olsen