Hopp til innhold
Vestlandet
Foto: Ruud/Hommedal/Pedersen/Kleiven / Scanpix

Debatt om namnevalet «Vestlandet»

Oppsummert

«Vestlandet» som namneval for det nye fylket som Hordaland og Sogn og Fjordane har gått saman om, skaper furore på resten av Vestlandet. Mange politikarar har tatt til orde for at det nye fylket må ha eit anna namn.

  • Godtar ikkje Vestland-namnet

    Fylkesleiaren i KrF i Møre og Romsdal, Randi Walderhaug Frisvoll, vil ikkje godta at Hordaland og Sogn og Fjordane tek namnet Vestland når dei slår seg saman. Ho seier til NRK at namnet har med identiteten til alle vestlendingar å gjere, og at det er feil at to fylke stikk av med namnet. Saka skal drøftast på styremøtet i fylkespartiet i kveld, der også stortingsrepresentant Steinar Reiten blir med. KrF sentralt vurderer sterkt å støtte Ap, SV og Sp som i stortinget vil seie nei til namnet Vestland. Namneopprøret i opposisjonen kan dermed kome til å velte namnevalet til dei to andre vestlandsfylka.

    Kvinneportrett
    Foto: Sissel Brunstad / NRK
  • Trur på samarbeid trass namnestrid

    Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), trur dei fire vestlandsfylka skal klare å samarbeide vidare i Vestlandsrådet til trass den bitre namnestriden. Hordaland og Sogn og Fjordane skal slå seg saman til ett fylke og har vald namnet Vestland. Det har skapt sterke reaksjonar i Møre og Romsdal og Rogaland, og ein av dei sterkaste kritikarane har vore Jon Aasen som no har blitt leiar i Vestlandsrådet. Men det blir feil å sette samarbeidet på spel på grunn av ein krangel om namn, seier Aasen.

    Jon Aasen, Jenny Følling, Solveig Tengesdal og Knut Arild Hareide
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Dette skal de nye regionene hete

    Regjeringen har nå bestemt seg for hva de 11 nye regionene i landet skal hete:

    Vestland
    Agder
    Viken
    Vestfold og Telemark
    Innlandet
    Troms og Finnmark
    Rogaland
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Oslo
    Trøndelag – Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag ble slått sammen januar 2018.

    Nye regionnavn

    19 fylker blir til 11 – dette skal de hete

    Regjeringen har bestemt seg for hva de elleve nye regionene skal hete. Flere av forslagene er allerede omstridt.

  • Ber Stortinget forandre Vestlandet

    Fylkesutvalget i Møre og Romsdal kommer med skarp kritikk mot Vestlandet som navn på det nye fylket, som Hordaland og Sogn og Fjordane har gått sammen om. I en uttalelse blir Stortinget oppfordret til å finne et navn som ikke provoserer nabofylkene.

    Fylkesutvalget i Møre og Romsdal
    Foto: Trond Vestre / NRK
Nye regionnavn

19 fylker blir til 11 – dette skal de hete

Liv Signe Navarsete

Meiner fylket bør heite «Bjørgvin»

Kva seier ekspertane om "Vestlandet"? Direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, svarar.