Hopp til innhold

Emil (25) har meldt flytting frå bygda. Det er kommunen glad for

Studentar melder flytting for å sikra kommunen millionar: – Kan ha vore avgjerande, seier ordføraren.

Emil Fitjar student

MELD FLYTTING: Emil Sæterbø Fitjar (25) har meld flytting til Bergen der han studerer. Det gjer han for at Fitjar får behalde milliontilskot.

Foto: JØRN OLAV MYHRE

– Då eg såg at Fitjar kommune kunne mista dette tilskotet, tenkte eg at eg kunne bidra litt. Så då blei det flytting, seier student Emil Sæterbø Fitjar (25).

Og fleire studentar har tenkt som han. Det har truleg redda den vesle vestlandskommunen frå ein solid smekk på pungen.

Her er årsaka:

Småkommunar får eit ekstra tilskot frå staten. Dersom folketalet overstig 3200 før nyttår, vil Fitjar miste støtta på 7 millionar kroner. Tidlegare i desember var folketalet 3205.

Men etter at studentar har meldt flytting frå heimplassen, har folketalet gått ned til 3192 personar, skriv avisa Sunnhordland, som fyrst omtalte saka.

Ordførar Harald Rydland (KrF) er svært nøgd med at dei unge flyttar frå bygda, i alle fall mellombels.

– Eg skal vera ærleg på at eg har tipsa nokre av mine næraste om at dette er ei moglegheit. Det kan ha vore avgjerande for at me held oss under 3200 innbyggarar, seier han.

Emil Sæterbø Fitjar

– Det speler ikkje så stor rolle om eg er registrert i Fitjar eller Bergen. Eg kjem uansett til å reisa heim ofte, og tenkjer det er ein fin ting å gjera for Fitjar kommune, seier student Emil Fitjar.

Foto: Privat

Vil at ungane skal vekse opp i Fitjar

Fitjar er ein av mange små kommunar i Noreg som får ekstra tilskot frå staten.

Men kravet for utbetalinga er altså at dei må vera under 3.200 innbyggjarar.

Emil Sæterbø Fitjar, som studerer i Bergen, seier at det er litt sårt å melde flytting vekk frå heimbygda.

– Men eg håpar å koma tilbake om nokre år. Det er ei fantastisk bygd med fantastisk flotte menneske, så dette er det minste eg kan gjera, seier han.

– Eg har jo hatt ein fantastisk oppvekst her. Viss eg er så heldig at eg får ungar, vil eg gjerne at dei skal veksa opp her.

Om dei skulle melde flytting, har vore eit tema i kompisgjengen til studenten Fitjar. Han veit at fem av dei også har tatt same val som han.

Les også Ordføraren ville ha fleire ungar i bygda – no kan kommunen ha tapt millionbeløp

Ailin Vik med Noah (1) på armen. Til høgre Mathias Bratli, og Matheo (3) i front.

Ynskjer dei unge tilbake på sikt

Det har vore nervepirrande stemning i kommuneleiinga før jul. No pustar ordførar Rydland letta ut.

– Men det er vel litt trist å mista desse unge?

– Ja, det er jo det. Men eg oppmodar dei om å koma tilbake så snart dei kan. For me vil gjerne ha fleire innbyggarar, og gir full gass på å auka folketalet igjen etter årsskiftet, seier Rydland.

– Har du høyrt om andre ordførarar som har oppmoda unge innbyggarar om å melda flytting frå heimstaden?

– Nei, eg har ikkje det. Og det er berre nett no eg gjer det. Eg kjem nok ikkje til å gjera det seinare.

Ordføraren seier at dette er den store snakkisen i bygda.

– Eg treff folk på butikken som lurer på korleis det går med folketalet. Nokre av dei seier dei skal flytta til Fitjar, men at dei ventar til over nyttår. Dei tenkjer på kommuneøkonomien vår.

Ordførar Harald Rydland i Fitjar kommune

Harald Rydland (KrF) er ordførar i Fitjar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Studenten kryssar fingrane

25-åringen som no har meld flytting til studiebyen Bergen følger nøye med på utviklinga i dagane før nyttår.

– Det ser jo veldig lovande ut, men ein veit jo aldri. Eg kryssar fingrane for at det held heilt inn, seier han.

Emil Sæterbø Fitjar

Emil Sæterbø Fitjar er del av ein stor kameratgjeng, som kallar seg Fitjar Bart. Dei er blant dei største norske bidragsytarane i kreftkampanjen Movember.

Foto: Privar