Tysdag klokka 14.08 fekk naudetatane melding om ei arbeidsulykke i tunnelen inn til i Oksla kraftverk i Ullensvang kommune.
– Det er snakk om ein stein stor som ein knyttneve som har falle ned frå tunnelhimlingen og råka ein arbeidar i hovudet, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt klokka 17.13.
Ho skriv vidare at arbeidaren var iført hjelm, og at vedkommande kan snakke og gjere greie for seg.
– Vi ser på dette som ei alvorleg personskade. Pasienten vart frakta til sjukehus med redningshelikopter frå Sola, seier politistasjonssjef Øystein Torsnes ved Hardanger politistasjon til NRK.
Han har ikkje meir informasjon om tilstanden til den skadde.
Stein fall 8-10 meter
Kraftverket ligg i tettstaden Tyssedal, litt nord for Odda.
Ulukka skjedde i samband med arbeid 1-2 kilometer inne i kraftverkstunnelen.
Politiet melde like etter ulukka at vedkommande var medviten.
– Det er ein person som har jobba inne i tunnelen, som har fått ein gjenstand over seg. Det framstår som ei alvorleg ulukke, opplyste operasjonsleiar i politiet Svein Rune Halleraker då til NRK.
I ei oppdatering like før klokka 15 skreiv politiet at pasienten var frakta ut av tunnelen, og vidare i ambulanse til ein eigna stad for redningshelikopter.
Personen skulle truleg bli send til Haukeland universitetssjukehus, men dette er førebels ikkje stadfesta.
Ifølge Hardanger politistasjon skal steinen ha falle frå 8–10 meters høgde, skriv Hardanger Folkeblad. Området blir sperra av fram til i morgon, onsdag.
Då vil politiet kome tilbake med fagpersonell for å sjekke at det er sikra mot fleire ulykker og gjere undersøkingar av kva som har skjedd,