Hopp til innhold

Dahl: – Lekkasjen er svært uheldig

Molde-ordførar Torgeir Dahl seier at lekkasjen om det moglege salet av Istad Kraft har vore ei stor belasting for alle dei involverte.

Moldeordfører Torgeir Dahl

Moldeordfører Torgeir Dahl beklaget sterkt lekkasjen fra lukka møte. Sjøl var han ikkje til stades.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Bak lukka dører gjekk formannskapet i Molde i går inn for sal av delar av Istad Kraft. Også i dag blir det lukka dører og ei sak unntatt frå offentlegheita når Istad står på sakskartet. Saka blei kjent gjennom ein lekkasje til Romsdals Budstikke, som først omtalte saka.

Molde-ordførar Torgeir Dahl er også styreleiar i Istad, og dermed inhabil i saka. Dahl nytta likevel anledninga til å omtale lekkasjen då han starta kommunestyremøtet i Molde torsdag ettermiddag.

– Det er svært uheldig for selskapet, selskapet sine tilsette og for Molde kommune sitt renommé som eigar.

– Eg tek dette tungt

Molde kommune eig 34 prosent av aksjane i Istad AS, medan Moldekraft og Statkraft eig 17 og 49 prosent. Eit endeleg vedtak om sal av aksjane skal gjerast i Molde kommunestyre torsdag.

Dahl vektla at lekkasjen har skapt ei stor belasting for alle dei involverte.

– Eg skulle ønskje at vi var for utan denne lekkasjen, og eg håper verkeleg at vi slepp å oppleve det same i framtida, seier han.

Dahl sa vidare at han i utgangspunkt er stolt over den politiske kulturen i Molde, som han meiner er god.

– Vi er ueinig i mange saker, men vi behandlar sakene og kvarandre på ein skikkeleg måte. Denne lekkasjen betyr at vi behandlar kvarandre på ein dårleg måte, og ein følgje av denne lekkasjen er at vi får store personlege belastningar, seier Dahl.

– Eg vil berre understreke at eg som ordførar tek dette veldig tungt. Eg er inhabil i denne saka, men eg håper at eg som ordførar i Molde kommune kan unngå slike liknande saker i framtida, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL