Hopp til innhold

Rbnett: - 116 Istad-jobbar er i spel

Romsdals Budstikke skriv onsdag kveld at fleirtalet i Molde formannskap går inn for at Istad skal selje ut kraftdelen av konsernet. Dermed kan over 100 arbeidsplassar vere i spel.

Formannskapet i Molde

Politikarane skal ifølgje Romsdals Budstikke ha planar om å selje deler av Istad. Nyheita skaper uro blant dei tilsette.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er Romsdals Budstikke som onsdag kveld skriv at politikarane i Molde onsdag ettermiddag gjorde eit hemmeleg vedtak om Istad, som kan få store konsekvensar.

Avisa skriv at formannskapet går inn for at Istad-konsernet skal selje ut heile kraftdelen, med produksjon og sal, og berre satse på nettverksemd. Det får dei tilsette til å reagere.

– Vi oppfordrar kommunestyret i Molde om å satse vidare på lokalt eigarskap av Istad AS, skriv dei tilsette i ei felles fråsegn, sitert i avisa.

Vurderer å kontakte politiet

Sidsel Rykhus

Varaordførar Sidsel Rykhus (Ap) er ikkje fornøgd med at det no er kjent at politikarane vurderer sal av deler av Istad.

Foto: Ann Eli Nøsen

Varaordførar Sidsel Rykhus i Molde vil ikkje kommentere saka overfor NRK Møre og Romsdal onsdag kveld, men er fortørna over at formannskapet ikkje har klart å halde saka unna offentlegheita.

Nei, det kan eg ikkje kommentere, for dette er unntatt offentlegheit, så det er uråd for meg å seie noko om, seier ho.

Men no er det lekka ut, kan du ikkje kommentere korvidt det kan bli aktuelt å selje ut Istad?

Nei, det kan eg ikkje. Eg forheld meg til lover og reglar, og saka er unntatt offentlegheit, og det skulle alle eigentleg forhalde seg til. Dette kan få konsekvensar, seier ho, og antydar at dei vil vurdere å melde saka til politiet.

Inhabil ordførar

Torgeir Dahl

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) er også styreleiar i Istad, og vil ikkje kommentere saka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ordførar Torgeir Dahl er også styreleiar i Istad, og dermed inhabil i saka. Også han er forsiktig med å kommentere lekkasjen onsdag kveld.

– Eg kjende til at Molde kommune har eit arbeid til i forhold til sin eigarstrategi, men eg kjende ikkje innhaldet i det, og saka er jo unntatt offentlegheita, og eg er jo inhabil, så eg kan ikkje kommentere dette, seier han.

– Sjokk å lese i avisa

Heller ikkje Dahl er fornøgd med å lese informasjon frå det lukka formannskapet i lokalavisa.

Det er sjølvsagt veldig beklageleg. Det er mange tilsette i Istadkonsernet, og for dei må det jo vere eit sjokk å lese den typen informasjon i Romsdals Budstikke, seier han.

Saka blir behandla av kommunestyret i Molde torsdag. Også då bak stengte dører, og der det blir vist til offentlegheitslova § 13 1.ledd og forvaltingslova § 13 nummer 2.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL