Hopp til innhold

Skjebnedag for Istad

I dag avgjer kommunestyret i Molde om kommunen skal selje delar av Istad Kraft.

konsernsjef og styreleiar i Istad
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Bak lukka dører i går gjekk formannskapet inn for sal. Også i dag blir det lukka dører og ei sak unnatatt frå offentlegheita når Istad står på sakskartet. Rådmann Arne Sverre Dahl seier dessutan til rbnett.no (krev innlogging) at heller ikkje vedtaket i dag kjem til å vere offentleg.

– Alt eg kjende til var eit lukka møte i formannskapet, og at det skal vere eit lukka møte også i dag. Men resultatet frå formannskapet har vi fått gjennom lekkasjar i Romsdals Budstikke, seier konserndirektør Ivar Kosberg.

Han tar atterhald om at det han har lese er rett, men stadfestar at fleire arbeidsplassar kan gå tapt dersom det blir sal.

– Dei 22 arbeidsplassane som er knytta til kraftproduksjon og kraftsomsetning er usikre ved eit eventuelt sal. I tillegg kjem støttefunksjonar frå morselskapet, og det kan fort dreie seg om omlag 10 arbeidsplassar.

Kosberg seier at eit innfordringsselskap, Kredittsikring, og kan bli berørt. Totalt handlar det om 30-35 arbeidsplassar.

– Vi må rekne med at ein eventuell kjøpar vil drive frå eigen base, og det blir nok ein annan stad enn her i Molde-regionen.

Konsernstrukturen kan stå for fall

Varaordførar Sidsel Rykhus

Sidan ordførar Torgeir Dahl er styreleiar i Istad, er det Sidsel Rykhus som har hand om ordførarklubba når framtida til Istad kan bli avgjort i dag.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Istadkonsernet består i dag av Istad Kraft og Istad Nett. Konserndirektøren kan berre spekulere i korleis framtida ser ut, sidan den einaste informasjonen dei har, er den dei har fått gjennom avisa.

– Men sel vi den eine verksemda, så er det nesten litt rart å behalde ein konsernstruktur. Så då er konklusjonen at vi får samle alt i eit nettselskap.

Kosberg vedgår at han er overraska, men påpeiker at det til ei kvar tid er eigarane som avgjer korleis dei ønskjer å bruke eigarskapen sin. Han refererer til normal saksgang, som inneber at eigarane instruerer styret, som igjen kjem med retningsliner til administrasjonen.

– Vi skal gjere det beste ut av situasjonen, og sørge for at flest muleg har eit arbeid å gå til. Men eg måtte orientere dei tilsette om kva situasjonen kan bli, så det seier seg sjølv at mange no er urolege for arbeidsplassane sine.