Det var litt før klokka 10.00 Viking Sky starta på ferda mot land med ein fart på sju-åtte knop.
Skipet var endeleg i land klokka 16.20.
Molde kommune var klare med varm mat til passasjerane og mannskapet då dei kom i land. Personane på skipet har ikkje fått varm mat sidan mayday-signalet vart sendt ut klokka 14 laurdag.
Cruiseskipet på veg mot land i Molde.
– Ei alvorleg hending
Hans Vik er politimeister i Sør-Vest politidistrikt og ansvarleg for Hovudredningssentralen på Sola. Han kommenterte den dramatiske hendinga utanfor Romsdal på ein pressekonferanse klokka 13.30.
– Dette var ei svært alvorleg hending med stort potensial med omsyn til skadde og omkomne. No er situasjonen stabil. Heldigvis har det gått bra. Men det var svært kritisk og alvorleg laurdag ettermiddag og kveld. I verste fall kunne skipet gått mot land og på grunn, sa Vik.
Viking Sky har frå i 12-tida gått for eiga maskin.
Publikum følgjer med skipet frå Bud i Fræna.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpixJobbar med transport
479 personar vart evakuerte laurdag kveld og søndag morgon før Viking Sky snudde og vende mot land igjen.
– Dei 479 passasjerane som vart evakuerte med helikopter er tatt hand om. Det blir jobba med å organisere transport til dei heim. Dei første passasjerane reiser allereie i dag. Vi har blitt informerte om at 20 personar har blitt skadde. Dei får medisinsk tilsyn og pleie på lokale sjukehus. Nokre har allereie blitt skrivne ut, melder Viking Ocean Cruises i ei pressemelding klokka 11.00.
Dei resterande av dei 1373 personane vart altså ikkje evakuerte, men var med Viking Sky til land søndag ettermiddag.
Cruiseskipet gjekk for eigen motor vestover natt til søndag, før det sette kurs mot Molde i 10-tida.
Foto: Skjermdump Marine Traffic
Mayday-signal
Det var i 14.00-tida laurdag at cruiseskipet fekk motorproblem og sende ut eit mayday-signal ved Hustadvika i Møre og Romsdal.
I 15-tida vart det bestemt at personane om bord skulle evakuerast, noko redningsmannskapet kom i gang med litt før klokka 16.00.
Viking Sky var svært nær å gå på grunn.
Ved 18.30-tida laurdag fungerte berre éin motor, og det var fare for at skipet kunne drive mot land. Like etter klokka 23.00 laurdag kveld stadfesta Hovudredningssentralen at cruiseskipet har tre motorar som verkar og at det går for eigen maskin.
Cruiseskipet Viking Sky.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpixTre er alvorleg skadde
Tre av dei evakuerte passasjerane er alvorleg skadde. Ein er send vidare til Haukeland i Bergen, medan to er sendt til sjukehuset i Kristiansund.
Evakuerte frå skipet vart frakta til eit mottak på land ved Brynhallen i Fræna.
Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpixIfølgje Helse Møre og Romsdal er dei mest alvorleg skadde er ei kvinne i 90-åra og to menn i 70-åra. Desse har alvorlege brotskadar.
Hovudredningssentralen melde klokka 19.40 at dei reknar alle personane om bord i cruiseskipet Viking Sky for å vere trygge.
Videoen frå ein Viking Sky-passasjer som ventar evakuering liknar ein skrekkfilm. (Video: Alexus Sheppard/Twitter)
Krevjande evakuering
Kvart av helikoptera som vart sett inn i aksjonen fekk med seg inntil 15 personar. Det gjorde evakueringsprosessen tidkrevjande. Passasjerane om bord i cruiseskipet vart heisa om bord i helikoptera éin for éin.
Odd Roar Lange.
Foto: PrivatEvakueringa gjekk føre seg i sterk storm og i høge bølgjer. Vêrforholda gjorde det uaktuelt å forsøke å ta passasjerane iland ved hjelp av livbåtar eller andre båtar.
– Det er ei krevjande øving fordi dei må henge i lufta under helikopter og det er veldig, veldig sterk vind, sa augevitne Odd Roar Lange til NRK laurdag ettermiddag.
– Eg vil rose innsatsen til mannskapa om bord i helikoptera. Dei har gjort ein flott jobb i ein svært krevjande situasjon, sa pressekontakt i Hovudredningssentralen Per Fjeld.
Ein bergingsaksjon av eit lasteskipet like ved var også med på å forseinke evakueringa av cruisepassasjerane noko.
Redningsaksjon i berykta havområde
Ifølgje Einar Knudsen ved Hovudredningssentralen er operasjonen med helikopter eit dramatisk arbeid med stor risiko. Samtidig understrekar han at det er verdas beste redningsmannskap som er involvert i operasjonen.
Redningsaksjonen gjekk føre seg i skipsleia mellom Molde og Kristiansund, eit frykta havområde der fleire skip har gått ned tidlegare. Det har tidlegare vore fleire skipsforlis i området, og fleire skal ha uttrykt uro over at cruiseskipet la ut på strekninga laurdag.
Evakueringa er i gang.
Foto: Åse Grete FarstadDet har også vore stor interesse for den dramatiske hendinga, og politiet bad tidlegare laurdag kveld om at publikum skulle gi plass til utrykkingskøyretøy og evakueringsbussar.
– Vi opplever at skodelystne sperrar for innsatsen, skreiv politiet laurdag.
Søndag sende politiet ut melding om at skodelystne må halde seg unna sentrum i det skipet kjem i land.
Slik såg det ut inne på cruiseskipet laurdag ettermiddag.
Kommunar og helseføretak i kriseberedskap
Personane som kom til land laurdag kveld og søndag morgon vart frakta rett til Brynhallen i Fræna. Dei fleste av dei vart deretter sendt vidare til Kristiansund, Molde og Ålesund for overnatting.
Fungerande ordførar i Fræna, Jan Arve Dyrnes, seier at det er eit par hundre personar som hjelpte til i samband med evakueringa av cruisebåten. Dette er mannskap frå Heimevernet, Sivilforsvaret og frivillige.
Fungerande ordførar i Fræna, Jan Arve Dyrnes.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK– Det er heilt imponerande å sjå kva lokalbefolkninga hjelper til med, seier Dyrnes.
Alle kommunar rundt Fræna vart sett i beredskap. Helse Møre og Romsdal auka beredskapen og sette krisestab i AMK.
Dei bemanna også alle reserve-ambulansebilar og er klare til å kalle inn meir personell ved sjukehusa i Molde og Kristiansund ved behov.
Fokus er å få alle trygt på land
Styreleiar i Viking Ocean Cruises, Torstein Hagen, kom seint laurdag kveld til Molde. Der fekk han prate med evakuerte passasjerar frå cruiseskipet.
Torstein Hagen, styreleiar i Viking Ocean Cruises, kom til Molde laurdag kveld.
Foto: Remi Sagen / NRK– Dei er veldig positive til den profesjonelle måten mannskapet vårt har handtert denne situasjonen på. I ei slik vanskeleg stund så gjer det at dei seier det situasjonen følast litt mindre ille, seier Hagen.
Han skryt av norske myndigheiter og alt av redningsmannskap og frivillige som har hjelpt til og meiner situasjonen no er godt under kontroll.
– Men det er klart at før det er heilt på det reine at alle er sikre, anten på land eller om bord i båten, så er det ingen av oss som kan sove godt, seier Hagen.
Han vil førebels ikkje spekulere i korleis dette kunne skje. Men seier at dei etter kvart vil prøve å finne ut kva som er skjedd slik at skipet mista motorkrafta.
– Det er ein ting som er viktig no og det er å få alle trygt på land og det trur eg vi er i ferd med å klare. Men det er klart at dette arbeidet tar tid.
Evakueringa er i gang. Odd Roar Lange følgjer med situasjonen frå land på Farstadsanden i Fræna.
Foto: Odd Roar LangeCruiseskipet Viking Sky er norsk og blei bygd i 2017. Skipet var på veg mot Stavanger då det fekk problem.
Skipperen er frå Finland.
Hovudredningssentralen opplyser laurdag kveld at dei som har spørsmål om passasjerar om bord kan ringe 1-888-889-8837 for informasjon om gjestar frå USA eller Australia, og 07585 779 853 eller 0208 780 7900 for opplysningar om passasjerar frå Storbritannia.
Viking Sky fekk motortrøbbel og sende ut mayday-varsel i 14-tida laurdag.
Foto: Gunnar Holten