Hopp til innhold

Brannvesenet er positive til denne trenden

Over heile landet spleisar folk på nyttårsfyrverkeriet. Brannvesenet er svært fornøgd med trenden der folk støttar opp rundt felles fyrverkeri på nyttårsaftan i staden for å skyte opp sjølv.

Felles fyrverkeri i Ålesund

Ålesund er ein av byane som i fleire år har arrangert felles fyrverkerioppskyting. Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger er blant nokre av byane som arrangerer felles fyrverkeri ved inngangen til 2020. Liknande arrangement, både store og små, er å finne over heile landet.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Tradisjonelt har mange familiar og vennegjengar sendt opp fyrverkeri i eigne hagar, men no går stadig fleire saman om dette på nyttårsaftan. Over heile landet, frå nord til sør, blir det no arrangert felles fyrverkeri der både næringsliv og private bidreg økonomisk.

Over heile landet blir det arrangert felles oppskytingar av fyrverkeri på nyttårsaftan.

Over heile landet blir det arrangert felles oppskytingar av fyrverkeri på nyttårsaftan.

Foto: Skjermdump spleis

Desse fyrverkeria blir organisert på ulike måtar, men fleire stadar blir det også henta inn profesjonelle pyroteknikarar som har ansvar for at oppskytinga skjer på ein trygg måte. På bygda Glomset på Sunnmøre har dei eitt av Noregs største fyrverkerishow målt per innbyggjar nyttårsaftan. For det er ikkje småtteri når nabolaget og næringslivet spleisar på fyrverkeriet her.

Kenneth Hurlen, pyroteknikar.

Kenneth Hurlen er pyroteknikkar og har i fleire år vore drivkrafta bak det som har blitt eit stadig større felles fyrverkeri på Glomset på Sunnmøre.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Rundt 570 rør blir fylt med fyrverkeri som skal opp ved midnatt, seier Kenneth Hurlen. Sidan 2006 har pyroteknikaren stått bak det felles fyrverkeriet i bygda. Eit arrangement som stadig veks seg større. Kvart år strøymer folk frå nær og fjern til Glomset for å få med seg det spektakulære showet.

– Du får ei heilt anna stemning av noko slikt enn det du skyt opp sjølv heime, seier Hurlen.

Positiv til felles fyrverkeri

Til saman 16 personar fekk augeskadar av nyttårsfyrverkeri ved inngangen til 2019. Ei undersøking som NITO gjennomførte i slutten av 2018 viste at 60 prosent meinte at privat bruk av fyrverkeri bør bli forbode dersom kommunen står for offentleg oppskyting av fyrverkeri på nyttårsaftan.

Varabrannsjef Johnny Stølen

Johnny Stølen, varabrannsjef i Ålesund, trur at fleire felles fyrverkeri vil føre til færre nyttårsbrannar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Brannvesenet i Møre og Romsdal har dei siste åra rykt ut på ein rekke brannar på nyttårsaftan. Fleire av dei har oppstått som følge av fyrverkeribruk. Dei synest difor det er svært positive at fleire no vel å gå saman om oppskytinga av nyttårsrakettane.

– Private fyrverkeri har ført til mange brannar dei siste åra. Det ikkje fyrverkeriet som har vore problemet, men folka som skyt dei opp, seier Johnny Stølen, varabrannsjef i Ålesund.

Han trur at brannvesenet vil sleppe mange utrykkingar om det i staden er profesjonelle aktørar som fyrer av rakettane.

– Eg er heilt trygg på at dersom ein går over til fleire felles fyrverkeri, så hadde vi spart oss for mange utrykkingar, seier Stølen.

–Trur mange vil ha begge deler

Det er berre lov å skyte opp fyrverkeri mellom klokka 18.00 og 02.00 på nyttårsaftan/første nyttårsdag.

Sal av fyrverkeri i Ålesund.

Gro Marie Myrstad trur ikkje at fleire fellesarrangement vil føre til at private sluttar å kjøpe fyrverkeri

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Dei som sel fyrverkeri i Ålesund har likevel ikkje tru på at folk vil slutte å kjøpe fyrverkeri sjølv om det blir fleire fellesarrangement.

– Nei, eg trur folk handlar det dei vil ha uansett om det blir felles. Eg trur mange vil ha begge deler, seier Gro Marie Myrstad.

Spørsmålet no er om vêret legg til rette for oppskyting av fyrverkeri på nyttårsaftan. Hald deg oppdatert på vêrvarselet på yr.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL