Hopp til innhold

Plaga av mykje ulovleg fyrverkeri: Men forsøk på forbod blei bystyre-kaos

Då byrådet i Bergen prøvde å forby fyrverkeri heile året, kom det plutseleg fram at dei kanskje ikkje hadde lov.

Fyrverkeri over Bergen sentrum nyttårsaften 2023

VIL FORBY FYRVERKERI: Byrådet i Bergen ville onsdag vedta eit forbod mot fyrverkeri i sentrum heile året, også på nyttårsaftan. Men møtet gjekk ikkje som planlagt.

Foto: NRK Stian Sørum Røkenes

– Det er med skrekkblanda fryd me no nærmar oss avstemming, sa fungerande ordførar Thomas Flesland (Sp) onsdag.

Bergen bystyre hadde då i ein halv time debattert nye politiforskrifter for byen.

Sentralt i forslaget frå byrådet var å forby fyrverkeri i sentrum av byen alle dagar. I dag er det lov mellom klokka 18 og 02 på nyttårsaftan.

Men nett då dei skulle gjennomføre avstemminga, vedgjekk byrådsleiar Christine Meyer (H) at dei hadde fått beskjed frå politiet at bystyret kanskje ikkje kan vedta forbod.

Frå høgre: Christine Meyer, Marte Monstad og Reidar Digranes i Bergen byråd.
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho føreslo å gjere det likevel og «sjå korleis det gjekk» når Politidirektoratet tok imot dei nye politiforskriftene for Bergen, der forbodet skulle inn.

Einstemmig bestemte bystyret at dette var gale. Even Sørland (Ap) er blant dei som er oppgitt over kaoset.

– Eg synest rett og slett det er litt flaut, eg, å vere politikar og at folk i byen trur at i dag skal vi vedta eit fyrverkeriforbod, og så har ikkje byrådet gjort jobben.

– Dei har vore meir opptekne av å sende ut ei pressemelding om å vere handlekraftige enn å faktisk sjekke om dei har anledning til å vedta eit slikt forbod.

Utsette heile vedtaket

Etter nokre sekund med forvirra mumling rundt om i bystyresalen, tok Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) ordet. Ho var inntil i haust byens byutviklingsbyråd.

– På eitt eller anna tidspunkt kjem det så mange opplysingar rett over bordet, at det einaste rette er å utsetje det til neste bystyremøte.

Dermed endra bystyret, inkludert byrådspartia Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet, opp med å gjere nettopp dette.

– Vi er glade for at vi kan få legge fram ei betre sak til neste gong, seier noverande byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H).

Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) i Bergen bystyre

Fjeldstad fekk støtte frå heile bystyret om å utsetje vedtaket om fyrverkeriforbod.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho var den som hadde snakka med politiet, og fått førevarsel om at moglegheitene for eit forbod var tvilsame.

– Vi har prøvd å gjere ein veldig god jobb, men har kanskje ikkje gjort det godt nok. Betre neste gong.

– Så er vi glade for at det er veldig lenge til nyttårsaftan, for vi skal klare å gjere dette skikkeleg.

Plaga av mykje ulovleg oppskyting

Nyttårsaftan 2023 var prega av mange ulovlege oppskytingar av fyrverkeri, og mange fyrverkeri-relaterte brannar. Det er dette som har motivert bystyret sitt forslag.

Brannsjef i Bergen, Janicke Larsen, gjekk så langt at ho bad folk om å la vere å sende opp nokon i det heile.

Brannmann i innsats på taket av einebustad i Saksarrinden i Bergen nyttårsaftan

Sløkking av taket på ein einebustad i Bergen, nyttårsaftan 2023.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Det har vore forferdeleg travelt, sa ho då til Bergens Tidende.

Også vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen hadde hatt ei lang nyttårsvakt.

– No må folk tenke seg om. Det er kraftig vind, sa han til avisa.