NRK Meny
Normal

Ekstremnatt for brannvesenet med 43 aksjonar

Brannvesenet i Møre og Romsdal fekk ei ekstremnatt ved inngangen til 2016.

Brannmannskaper på Valderøya

110-sentralen i Møre og Romsdal har hatt ekstramannskap i sving natt til 1. nyttårsdag etter ei ekstrem natt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK

Brannvesenet i Møre og Romsdal måtte setje inn ekstramannskap på sentralen for å ta unna alle telefonane og brannvarsla natt til 1. januar.

Ifølgje 110-sentralen har dei hatt 43 aksjonar i smått og stort, og natta har vore svært travel.

Den har vore ekstrem hektisk fram til to-halv-tretida, seier fagleiar Arne Sigurd Hansen ved Ålesund brannvesen.

Vil ha pøsregn neste år

Like etter midnatt tvitra 110-sentralen følgjande melding:

Laster Twitter-innhold

Brannmeister Frank Austdal seier nesten 43 hendingar i løpet av eit natt gjer at det blir svært hektisk.

– Det er eigentleg heilt utruleg, seier han. Han vil ikkje slå fast kva som er årsaka til alle branntilløpa.

– Det veit vi ikkje, det blir berre å spekulere, men det er nærliggande å tru at det kan vere fyrverkeri, seier Austdal.

Les også:

Brenn framleis

Evakuerte etter brann på valderøyfjellet

21 bebuarar måtte evakuerast etter at det begynte å brenne på Valderøya utanfor Ålesund. Dei skal no vere heime igjen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK

På Valderøya utanfor Ålesund måtte 21 personar evakuerast etter at det begynne å brenne i terrenget. Fredag morgon skal dei fleste ha flytta tilbake, men det brenn framleis nokre stader i terrenget.

– Det er eit par stader der vi ikkje heilt får tak i, der det er litt fyr i. Akkurat no har vi åtte mann frå Sivilforsvaret som prøvar å ta hand om det, seier han.

– Har de kontroll på flammane?

– Ja, vi føler vi har god kontroll. Vi ventar litt på dagslyset no, slik at vi har betre sikt her oppe, så tenkjer eg vi skal klare å ta han.

Fryktar vinden

Brann Sula Rutelag

Brannen i Sula Rutelag kunne sjåast på lang avstand.

Foto: Baard Ole Grøtta/NRK

Men brannen på Valderøya er berre ein av dei som brannvesenet har arbeidd med. I tillegg til at det har vore tørt i terrenget, har vinden skapt utfordringar.

Torsdag kveld oppstod det ein brann i Sula Rutelag, og eit stort bygg sto i full fyr. I Ulstein måtte frivillige ut for å bidra til å sløkkje ein brann.

I tillegg har det vore ei mengde gras- og lyngbrannar både på Sunnmøre, Nordmøre og i Romsdal. Like før midnatt gjekk politiet ut og bad folk om å vere forsiktige med fyrverkeri fordi det var så tørt i terrenget.

Fredag morgon er dei aller fleste slokte, men på Valderøya fryktar dei vinden.

– Ja, dersom vinden aukar på igjen kan det vere ein fare. Men slik som prognosane er no, så skal det løye litt, og det er godt nytt for oss.