Hopp til innhold

Elev fekk høyrselsskade etter fyrverkeri inne på ungdomsskule

Fyrverkeri inne på ungdomsskule fekk alvorlege konsekvensar for elev. Eit heilt «ko-ko» stunt meiner ekspert. Sjå video frå Narvik

oversiktsbilde Narvik ungdomsskole

Inne i nye Narvik ungdomsskole ble det avfyrt fyrverkeri.

Foto: Kristoffer Klem Bergersen / Narvik kommune

På Narvik ungdomsskule i Nordland var det nokre elevar som nekta å gje slepp på nyttårsfeiringa første veka av januar.

Dei hadde nemleg teke med seg fyrverkeri på skulen.

– Dei hadde då fyrt av ein del markfyrverkeri og små fyrverkeri som lagde ganske høge smell og lys, seier rektor på Narvik ungdomsskule, Ørjan Halvorsen.

Dette skremde elevane på skulen, og førte til at ein elev fekk høyrselsskade, seier rektoren.

– Eleven er til medisinsk behandling. På eit tidspunkt mista han høyrselen heilt. No er høyrselen komen litt tilbake, seier rektoren.

Det er ikkje første gang dette har skjedd på ungdomsskulen og pyroteknikar kallar dette heilt «ko-ko».

Også i fjor tok elevane med seg fyrverkeri på skulen i Narvik.

Video av hendinga:

– Det må bli heilt stopp

– Vi har vore klar over det, fordi det same skjedde i januar 2023, seier rektoren.

Skulen har prøvd å førebygge med å ha brannvesenet på besøk for å opplyse elevane om farane med fyrverkeri, og kva som er lov og ikkje lov.

Dei hadde også ein gjennomgang i klassen første dagen tilbake etter nyttår.

– Men det er likevel slik at ikkje alle tenker seg godt nok om, og ønska litt spenning. Så ser dei ikkje heilt for seg at det kan få alvorlege konsekvensar for enkeltelevar, seier Halvorsen.

Rektor Narvik ungdomsskole Ørjan Halvorsen
Foto: Frida Brembo / NRK

Ungdomsskulen har sendt melding til foreldre og føresette for å få ein stoppar på dette.

– Når vi trekk fram dei alvorlege aspekta som det kan vere, både for syn, høyrsel og helse generelt, så ser eg at alvoret går opp. Det er stort sett fornuftige ungar vi har.

Så det har ikkje vore noko meir fyrverkeri etter hendinga i byrjinga av januar.

– Men oppfordringa er der framleis. Det må bli heilt stopp.

Les også Fem grunner til å revurdere nyttårsrakettene, men: – Det kan vekke gode minner

Fyrverkeri i Tromsø

Ting kan fly veggimellom

Det er eigentleg ikkje lov å fyre opp fyrverkeri utanom eit avgrensa tidspunkt på nyttårsaftan eller om ein har særskilt løyve.

– Det er heilt ko-ko, seier pyroteknikar Espen Kolstad om hendinga i Narvik.

Han jobbar dagleg med fyrverkeri i Unique Pyrotechnic AS.

– Når du fyrer av fyrverkeri inne så forsterkar du lyden veldig. Alt fyrverkeri i Noreg har ein maksgrense på 120 decibel, som i utgangspunktet ikkje skal vere skadeleg, seier han og legg til:

– Men det er jo basert på ein heilt annan avstand enn det som har eg trur har vore her.

Pyroteknikaren forklarer at fyrverkeri innandørs gir ein heilt annan oppbygning av lyd og veldig dårleg tryggleiksavstand. Han peikar også på at fyrverkeri følgjeleg skal handterast av dei som har lov å bruke det.

Kolstad understrekar at bruk innandørs aldri bør skje.

– Du utsett også andre menneske for fare og ting kan fly veggimellom. Det gir også ein ekstrem stor brannfare.

Les også Her smeller det på søppelanlegget – fyrverkeri i søpla kan være livsfarlig

Et fyrverkeribatteri på søppelanlegget i Bodø.

Spekulerer i at det er ein trend

Vidare utdjupar pyroteknikaren kva for skadar ein kan få av uansvarleg bruk av fyrverkeri.

– Ein ting er jo å miste høyrselen, men du kan også få brannskadar, sviskadar og ikkje minst augeskadar.

Fyrverkeri

Fyrverkeri bør opplevast på avstand, og utandørs.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Kva synest du om det dei elevane har gjort?

– Det er heilt «ko-ko». Det er nesten så eg mistenkjer at det er ein slags trend i tida. Med Instagram og TikTok, så konkurrerer du om merksemd, og folk kan liksom ikkje bli galne nok.

– Eg trur nok ikkje desse ungdommane som har gjort dette har vore klar over kva dei har gjort. Eit slikt produkt ser i utgangspunktet relativt uskuldig ut, og ein tenkjer kanskje ikkje at det er så kraftfullt, også får ein ei ganske stor overrasking når ein tenner på det.