Hopp til innhold

Gigantisk fyrverkerishow i ei bygd med 80 husstandar

Kvart år på nyttårsaftan strøymer folk Glomset i Skodje. Den vesle bygda med om lag 80 husstandar har nemleg eit av Noreg største fyrverkerishow. Årets fyrverkeri har ein marknadsverdi på rundt 180.000 kr og varer i om lag 12 minutt.

Kenneth Hurlen

Pyroteknikar Kenneth Hurlen er no klar for det niande året med fellesfyrverkeri på Glomset

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er mykje som skal på plass før det store fyrverkerishowet går av stabelen ved midnatt på nyttårsaftan. Arrangør og fyrverkeriekspert Kenneth Hurlen overlèt ingenting til sjansane når 185 kg med reint krut, 380 luftbomber og ein rekke batteri lyser opp himmelen over Skodje.

– Alt er automatisert og nøye planlagt. Alt er programmert på førehand, så når eg trykker på knappen går det meste av seg sjølv. Då kan eg styre fyrverkeriet på avstand og bestemme om eg skal stoppe noko, eller sette det på pause, fortel han.

– Det handlar først og fremst om tryggleik. No kan eg stå på ein trygg avstand og styre det heile. I tillegg blir det verken fint eller gøy å springe rundt og tenne 380 luftbomber, held han fram lattermild.

Spleiselag og dugnadsånd

I eit lagerlokale i Skodje er førebuingane til årets fellesfyrverkeri snart i mål. Sidan oppstarten for snart ni år sidan har arrangementet vakse seg stadig større. Det heile starta då Hurlen flytta til Glomset i 2006.

Fyrverkeri Glomset

185 kg med reint krut, 380 luftbomber og ein rekke batteri lyser opp himmelen over Skodje nyttårsaftan.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi hadde ein gjeng heime hos oss på nyttårsaftan, og bestemte oss for å skyte opp eit fellesfyrverkeri. Sidan den gong har det berre balla på seg. No skyt eg opp like mykje kilo krut i løpet av femten sekund i finalen, som eg gjorde på tre minutt det første året, seier han.

Alt arbeidet knytt til fellesfyrverkeriet er basert på dugnad og fyrverkeriet er eit resultat av eit spleiselag. Der kan alle som vil bidra, både privatpersonar og næringsliv. Og det er desse bidraga som avgjer kor stort fyrverkeriet blir. Det er også mogleg å donere pengar til fyrverkeriet på nyttårsaftan.

– Alle som kjem brukar å betale, og det er vi veldig glad for. Vi tvingar ingen til å betale, men det er klart at dess mindre pengar som kjem inn, dess mindre fyrverkeri blir det skote opp. Vi er avhengig av midlar for å kunne gjennomføre arrangementet, seier Hurlen.

Stort engasjement i bygda

Odd Arne Nordstrand bur på Glomset og har orkesterplass til det spektakulære fyrverkeriet på nyttårsaftan. Han fortel at fyrverkerishowet vekker stort engasjement i bygda.

Fyrverkeribomber

Det ligg mange arbeidstimar bak fellesfyrverkeriet på Glomset.

Foto: Privat

– For det første er det eit flott show, og for det andre så står det respekt av det som dei frivillige har fått til. Det er faktisk noko vi både gler oss til og er stolte av, seier han.

På nyttårsaftan er terrassen til Nordstrand som regel full av vener og familie som ønskjer å oppleve det storstilte fyrverkerishowet på Glomset.

– Eg har opplevd store fyrverkeri i mange ulike land, men ingenting kan måle seg med dette, seier han.

Gir seg ikkje med det første

Tilbake ved lageret jobbar Hurlen hardt for å komme i mål med alt før nyttårsaftan. Han trur det er fleire faktorar som lokkar stadig nye skuelystne til Glomset år etter år.

– Det er uvanleg med eit så stort fyrverkeri på desse kantane. I tillegg trur eg mange føler seg tryggare med ei slik oppskyting. Her skjer alt i eit avsperra område der det er trygt for barna, og det trur eg det er mange som set pris på, seier han.

Etter ni år med denne tradisjonen, ser det ikkje ut til at Hurlen kjem til å gi seg med det første.

– Eg synest det er veldig kjekt, og eg kjem til å halde på så lenge eg synest det er artig. Alle gutar har vel ein liten draum om å få halde på med ting som smell litt og lagar lyd, så det er vel der det ligg, seier han med eit stort smil.

Sjå videoen frå fjorårets fyrverkerishow.