Hopp til innhold

Blir verdsleiande: – No gler vi oss til å køyre båt!

Farstad blir i verdstoppen, med Røkke og Fredriksen i ryggen.

Karl-Johan Bakken

Konsernsjef Karl-Johan Bakken i Farstad Shipping seier at det nye selskapet blir leiande i verda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Farstad har pressekonferanse i Ålesund måndag ettermiddag. Ålesunds-selskapet Farstad Shipping går saman med Røkke-kontrollerte Solstad Offshore og Deep Sea Supply (John Fredriksen).

– Det har vore forhandla i lang tid. Det har vore eit godt samarbeid med bankar og obligasjonseigarar, seier Karl-Johan Bakken på pressekonferansen.

Røkke og Fredriksen inn i Farstad

– No gler vi oss til å køyre båt! Alle har sett verdien i selskapet, seier Bakken.

– Vi har ikkje sløkt lyset og gått heim. No blir det aktivitet og arbeidsplassar vidare.

Farstad Shipping

Det vart kjent måndag at ei løysing er på plass for Farstad-reiarlaget. Dei har mange skip i opplag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Leiande i verda

Bakken seier det nye selskapet vil bli leiande i verda:
– Vi blir ein betydeleg aktør. Dette blir spennande, seier han.

Farstad-sjefen vil ikkje gå i detaljar om finansieringa:
– Kreditorane skal hjelpe oss gjennom ein periode på fem til sju år. Vi skal kome oss gjennom det. Vi har gode avtalar med kreditorane.

Ville stå åleine

Farstad ville først stå åleine. Etter kvart fann dei ut at ei slik løysing som ein har kome fram til i dag, er langt mykje tryggare.

Bakken ville ikkje svare på når forslaget til løysing kom på plass:

– Vi kjenner kvarandre i bransjen. Eg har ikkje kommentarar til forhandlingane.

Har jobba lenge

Bakken vart spurt om kjenslene knytt til det som har skjedd.

– Vi har jobba lenge og hardt for å få på plass ei god løysing. Det er godt å kunne gå ut med ei løysing som er så god.

Farstad Shipping har no 1500 tilsette. Tidlegare har talet vore oppe i to tusen.

Spent på kor mange arbeidsplassar som blir verande

Tryggare arbeidsplassar

– Eg trur arbeidsplassane har blitt langt mykje tryggare i dag enn kva dei var i går, seier Farstad-sjefen til NRK:

– Konkurranseevna vår vil styrke seg i tida som kjem, seier Bakken.

Ifølge Bakken reagerte dei tilsette positivt då dei fekk nyheita. Han stadfestar at også han er ein svært glad mann i dag.

Solstad Farstad blir eit stort supplyskip-selskap med 154 fartøy i flåten. Solstad blir morselskap i det nye selskapet. Hovudkontoret blir i Skudeneshavn i Rogaland.

Lars Peder Solstad blir konsernsjef. Han seier samarbeid må til i den tøffe marknaden for offshorereiarlaga.

Farstad Shipping har hatt problem og utfordringar lenge på grunn av få oppdrag. Dei har i lang tid arbeidd med å få inn kapital for å kunne drive vidare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL