Farstad har i lengre tid arbeidd med å få til ein restruktureringsavtale. Tidlegare har det og vore avtalar på gang, men desse har blitt stoppa.
Med dagens avtale kjem tunge aktørar som Røkke-kontrollerte Solstad Offshore og John Fredriksens Deep Sea Supply inn på eigarsida.
Fleire industriekspertar har i lang tid sagt at denne industrigreina treng ei konsolidering. Det er dette desse selskapa har gått saman om å få til.
– For bransjen og dei involverte selskapa trur eg samanslåing og etableringa av ein stor, slagkraftig aktør er det einaste rette, seier Swedbank-analytikar Stig Erik Kyrkjeeide til NTB.
Betre rusta
Karl Johan Bakken er administrerande direktør i Farstad Shipping.
Foto: Frode Berg / NRKAdministrerande direktør Karl Johan Bakken er glad for at ein avtale er på plass, der også bankane har gitt si velsigning.
– Dette gjer selskapet sterkare og betre rusta til å konkurrere om nye jobbar og oppdrag. Førebels er det likevel for tidleg å seie noko om når fleire båtar kjem i arbeid, seier Bakken.
Det nye selskapet blir verdas største innanfor delar av supplymarknaden. Slår dei alle skipa saman blir dei fjerde størst, og målet er at desse selskapa skal utfylle kvarandre, slik at dei gir synergiar på 450 - 600 millionar kroner årleg.
Inntil vidare held selskapa fram som i dag, men med Solstad som leiande i morselskapet, som får namnet Solstad Farstad. Lars Peder Solstad blir etter planen øvste leiar i dette selskapet, med hovudsete i Skudeneshavn i Rogaland.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Har slite lenge
Kapitalen har ikkje strekt til etter som det har blitt færre oppdrag, og fleire og fleire båtar har gått i opplag. Det gjeld Farstad, og det gjeld andre selskap som tidlegare har hatt oppdrag for oljeindustrien.
Kjell Inge Røkke er med på avtalen som bergar Farstad Shipping.
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpixDet har difor vore behov for å få inn pengar for å drive vidare, og samarbeidet som no er klart gjer dette muleg. Tidlegare har Rem inngått ein liknande avtale med Solstad.
Tidlegare var ein avtale nesten klar med Kristian Siem, men den blei stoppa. No er det Kjell Inge Røkke og også John Fredriksen som blir dei sterke namna i det nye selskapet.
Denne avtalen kjem i ei tid då enkelte så smått byrjar å sjå ein opptur i oljenæringa igjen, med stigande oljeprisar og fleire oppdrag.