Hopp til innhold

Spent på kor mange arbeidsplassar som blir verande

Analytikar Karl Johan Molnes synest ikkje det er uventa at Farstad og Solstad har funne kvarandre i ein avtale.

Farstad Shipping

Farstad Shipping varsla i dag at dei har inngått avtale med Solstad og Deep Sea Supply.

Foto: Frode Berg / NRK

Han er meir overraska over at Deep Sea Supply kom inn, fordi dei har hatt så mange andre selskap å styre med. Det var difor venta at dei heller leita etter nokon andre å slå seg saman med og som skulle ta over.

– Kombinasjonen Farstad og Solstad var den mest naturlege frå starten av, seier Molnes. Men no passa det også for Deep Sea Supply, og ein har fått eit uvanleg men positivt samarbeid mellom Kjell Inge Røkke og John Fredriksen.

Fleire oppkjøp

Molnes meiner dette vil gi ein stor aktør som kan kjøpe opp fleire mindre reiarlag. Med fleire større aktørar blir det færre tilbydarar som dermed får betre kontroll med ratene enn dei har hatt siste tida.

Karl Johan Molnes, leder for analyse i Norne Securities

Analytikar Karl Johan Molnes utelukkar ikkje at det blir færre små reiarlag.

Foto: Privat

– Men nokon vil nok tape, sjølv om alle tener på at det blir rydda opp.

Analytikaren er mellom anna spent på i kor stor grad Farstad trekkjer seg ut eller kor mykje av aktiviteten Solstad vil drive frå Skudeneshavn, Grimstad eller Ålesund.

– Hovudkvarteret blir flytta til Rogaland, men det er ikkje lurt å flytte all aktiviteten.

Han synest Rem har fått ei god løysing, der heile flåten framleis blir drive frå Fosnavåg. Men førebels synest han det er veldig mykje ny informasjon som gjer det vanskeleg å seie noko sikkert om vegen vidare for Farstad og det nye selskapet.

Om avtalen som Røkke og Fredriksen no har inngått er «rimeleg», så tar dei uansett ein risiko. Men Molnes meiner dette er aktørar som har råd til å ta ein slik risiko.

Har råd til å vente

– Dei har djupe lommer, og kan tape pengar, medan dei bidrar til at marknaden snur.

Molnes peiker på at det kan dei gjere fordi dei har fleire båtar tilgjengeleg, og dermed kan tenke alternativ bruk av desse skipa. Båtane kan også bli brukte i andre geografiske område enn dei har blitt til no.

– Farstad må sjølv svare på om dette er ei god løysing for dei, eg sit førebels ikkje med all informasjon. Sidan dette er det dei har valgt, så er det vel den beste løysinga dei såg. Men dei har heilt klart vore pressa til å finne ei løysing.

Fredriksen og Røkke

John Fredriksen og Kjell Inge Røkke har råd til å vente på at marknaden blir betre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen/Lise Åserud, NTB Scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL