Hopp til innhold

Bernt: – Klart brot på lova

Professor Jan Fridthjof Bernt seier det var eit klart brot på lova då Bent Høie ba om at direktøren i Helse Midt-Norge blei sparka.

Jan Fridthjof Bernt

Professor Jan Fridthjof Bernt er innkalla til den opne høyringa i Stortinget. Han er ekspert på offentleg forvaltning og helsejuss.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Bent Høie

Helseminister Bent Høie skal også forklare seg i den opne høyringa om sjukehusstriden i Møre og Romsdal.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Under den opne høyringa i Stortinget i dag sa Bernt at han meiner Høie ikkje hadde høve til å gripe inn på ein slik måte. På spørsmål frå komiteleiar Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet sa Bernt at dette er brot på lova.

Dette må du vite om sjukehushøringen

– Ja, etter mi oppfatting var dette eit klart brot på lova. Høie sine svar på dette viser at han han har ei forståing av lova som eg opplever som problematisk.

Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Tidlegare styreleiar i Helse Midt-Norge og tidlegare administrerande direktøre Trond M. Andersen då han blei tilsett i stillinga.

Foto: Helse Midt

Høie har tidlegare sagt at han ba tidlegare styreleiar Marthe Styve Holte sparke direktøren etter eit varslingsbrev frå dei tillitsvalde. Styve Holte trekte seg frå stillinga si fordi ho meinte ho blei overstyrt. Administrerande direktør Trond M. Andersen trekte seg også frå si stilling få dagar seinare.

På spørsmål frå SV sin representant gjentok Bernt at Høie gjekk ut over fullmaktene sine når avskjedsprosessen ikkje gjekk via styret.

– Ja, eg opplever statsråden si innblanding som eit klart lovbrot.

Han seier han opplever at Høie har hatt ei dårleg forståing av rolla si og korleis han har høve til å utøve denne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL