Hopp til innhold

Helsetopp går på dagen i protest mot detaljstyring

Styreleiar Marthe Styve Holte går frå styret i Helse Midt-Norge på dagen. Årsaka er usemje med helseministeren.

Helse Midt-Norge. Marthe Styve Holte og Trond Michael Andersen

Styreleiaren i helseføretaket gjekk på dagen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg trekkjer meg fordi eg som styreleiar opplevere at eigar har redusert styret sitt handlingsrom om mynde, slik at tilliten ikkje lenger er til stades. På den måten har dei også fråteke meg moglegheita til å utøve godt leiarskap, seier Marthe Styve Holte til NRK.

I dag blei det altså klart at ho trekkjer seg frå styret i helseføretaket med verknad frå i dag. Årsaka er altså det ho opplever som detaljstyring frå departementet og statsråden.

Knapp statsråd

Bent Høie

Helseminister Bent Høie er på reise i utlandet, men tar avgjerda til vitande.

Foto: Erik Waage / NRK

Det er helseminister Bent Høie frå Høgre som er øvste eigar av helseføretaket. Han er på reise i USA, men har fått oversendt spørsmål frå NRK om bakgrunnen for at Styve Holte vel å gå av. Dette har statsråden ikkje svart på, men svarar følgjande i ein epost måndag ettermiddag:

"Jeg tar til etterretning at Marthe Styve Holte har besluttet å fratre som styreleder i Helse Midt-Norge RHF. Hun har gjort en god innsats som styreleder i regionen.

Helse Midt-Norge står foran store oppgaver og viktige beslutninger. Jeg er derfor glad for at nestleder i styret, Ola H. Strand, vil fungere som styreleder. Dette bidrar til god kontinuitet i det videre arbeidet i regionen."

Vil ikkje snakke om enkeltsaker

Marthe Styve Holte

Marthe Styve Holte vil ikkje seie kva enkeltsak som gjorde at ho tok avgjerda om å gå av.

Styve Holte har vore styreleiar i Helse Midt-Norge sidan 2012. Ho vedgår at striden handlar om ein enkeltsak, men vil ikkje peike på kva for sak dette er.

Striden om plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal har vore ei nøtt for helseføretaket i lang tid. Styve Holte avviser likevel at det er den saka der her er snakk om og vil heller snakke om prinsippa for styrearbeid.

– Eg er ikkje så opptatt av sak, eg er opptatt av prinsipp og kva som er god eigarstyring. Og i min definisjon av det handlar det om at styret sjølv må ha mynde til å ta hand om sine klart definerte arbeidsoppgåver.

– Men er det rett å trekkje seg frå styret i ein situasjon som så uoversiktleg som det Helse Midt Norge opplever no?

– Det kan du seie. Men eg må forhalde meg til kva som er rett for meg. Eg kan heller ikkje vere ein god styreleiar dersom eg ikkje kjenner at eg har det rette handlingsrommet til å gjere jobben, seier Styve Holte.

For Styve Holte sin del er avgjerda endeleg. Ho vil difor ikkje snakke om kva som eventuelt skulle til for å halde fram som styreleiar.

– Det punktet er passert for lengst. Avgjerda er endeleg og den kjem eg til å stå på.

– Har respekt for henne som styreleiar

Ola H. Strand

Ola H. Strand rykkjer opp frå nestleiar i styret.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Det er altså nestleiar Ola H. Strand som no fungere som styreleiar i helseføretaket. Han fungerer inntil departementet utnemner ein ny styreleiar. Det er ikkje kjent når det vil skje.

Ola H. Strand har vore nestleiar i styret sidan januar og kjenner dermed helseføretaket frå før. Han seier seg lei for at Styve Holte sluttar.

– Eg har hatt gleda av å jobba saman med Marthe Styve Holte i eit halvt år og har lært å setje pris på henne. Eg har stor respekt for henne som styreleiar, seier Strand til NRK.

– Veit du kvifor ho gjekk av i dag?

– Det får ho nesten svare for sjølv. Eg vil fokusere på dei mange og store oppgåvene som ligg framfor oss, ikkje minst når det gjeld å finne plassering for nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Strand vil ikkje kommentere om han eller resten av styret har forståing for den avgjerda Styve Holte har tatt. Han vil heller ikkje seie om han kan leve med den usemja ho har peikt på.

– Eg ønskjer ikkje å kommenter den usemja som Marthe Styve Holte har lagt til grunn for at ho går av. For meg er det viktig å ha fokus på det som ligg framfor oss.

  • Sjå tv-reportasjen om avgangen her:
    Styreleiaren i Helse Midt-Noreg trekkjer seg med umiddelbar verknad. Marthe Styve Holte trekkjer seg etter konflikter med helseministeren.