Hopp til innhold

Andersen har sagt opp i Helse Midt-Norge

Administrerande direktør Trond Michael Andersen har sagt opp stillinga si i Helse Midt-Norge med verknad frå 16. oktober 2014

Trond Michael Andersen

SAGT OPP: Administrerande direktør Trond Michael Andersen har i kveld sagt opp sin stilling i Helse Midt-Norge.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det opplyser Helse Midt-Norge på sine nettsider tirsdag kveld. Trond Michael Andersen kom frå jobben som høgskulerektor til administrerande direktør i august 2013

Mandag blei det også kjent at styreleiar Marthe Styve Holte i Helse Midt-Norge går av.

Andersen opplever at han ikkje lenger har den nødvendige tilliten for å kunne utføre ein god jobb som toppleiar i verksemda, opplyser Helse Midt-Norge.

Vidare skriv Helse Midt- Norge at fungerande styreleiar Ola H. Strand takkar Andersen for stor innsats som administrerande direktør.

Strand påpeiker at det no er viktig at organisasjonen fokuserer på dei store og viktige oppgåvene som no ligg framføre dei. Daniel Haga blir konstituert i stillinga som administrerande direktør.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Andersen i kveld.

  • Saka blir oppdatert.

Les også: Tillitsvalde: Krev at Andersen går av

– Einaste løysing

Medlemmane i Akademikernes samarbeidsutval, som består av tillitsvalde frå Legeforeninga, Psykologforeininga og andre akademiske forbund i Helse Midt, er ikkje nøgd med jobben han har gjort og sende tidlegare eit brev til Helsedepartementet der dei kravde at Andersen skulle gå av.

Bernd Müller er medlem av utvalet og foretakstillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal. Han er nøgd med at Andersen no har trekt seg frå stillinga.

Bernd Müller

NØGD: Bernd Müller er nøgd med at Andersen no har trekt seg frå stillinga si.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg trur dette var den einaste løysinga. No håpar eg vi kan komme oss vidare i fellesskap, seier Müller.

– Han har hatt ei ekstremt viktig leiarstilling, men i det siste året så har vi dessverre opplevd at problemstillingar ikkje blir følgt opp og tatt tak i, held han fram.

Müller meiner at dei har gitt Andersen nok sjansar til å vise det han kunne, men at det ikkje har vore den betringa ein hadde håpt på og at det difor måtte bli slik. Han er positiv til at Daniel Haga skal ta over leiarstillinga og trur han vil bli ein god leiar.

– Eg trur det blir veldig bra. Han er ein svært erfaren leiar som kjenner den norske spesialisthelsetenesta utanfrå. I tillegg har han ein lang fartstid i Helse Midt- Norge, meiner Müller.

Hovudtillitsvald i Fagforbundet ved St. Olavs Hospital i Trondheim og tidlegare konserntillitsvald, Sigmund Eidem, seier at dei har ynskja at Trond Michael Andersen skulle gå av som leiar i eit halvt års tid.

Ynskjer han lukke til

Astrid Eidsvik, administrerande direktør i Helse Sunnmøre, ynskjer Andersen lukke til på vegen vidare. Ho seier at det blir vanskeleg for henne å seie noko om kvifor Andersen har sagt opp, men meiner at denne saka er eit godt døme på kor krevjande ei direktørstilling i eit helseføretak er.

– Du er i søkjelyset heile tida, har eit stort ansvar og må ha ei stor innsikt i den sektoren du skal jobbe i, seier Eidsvik.

– Det er ei krevjande stilling å vere direktør for eit helseføretak, enten det er på eit lokalt eller regionalt nivå, held ho fram.

Klar for utfordringa

Daniel Haga har tidlegare vore konstituert som administrerande direktør i mellomfasen mellom Gunnar Bovim og Trond Michael Andersen. No er han igjen konstituert som administrerande direktør i Helse Midt- Norge. Haga har store forventningar til den nye stillinga.

– Slik som det er i dag så har vi store og tunge oppgåver som vi skal løysast i Midt-Norge. Hovudoppgåva mi blir å sikre at vi får gjennomført desse oppgåvene. Det blir det viktigaste i tida framover, seier Haga.

Konstituert administrerende direktør i Helse-Midt Daniel Haga.

UTFORDRINGAR: Daniel Haga trur sjukehussaka i Møre og Romsdal vil bli den største utfordringa i den komande tida.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Haga tykkjer det er spesielt å tre inn i ei stilling under slike omstende og på så kort varsel, men seier at han ikkje ser mørkt på det arbeidet han no skal ta tak i. Han meiner det er viktig å fokusere på ein open og god dialog med dei tilsette.

– Eg kjenner helsesektoren og Midt-Norge godt, og eg veit vi har mange dyktige medarbeidarar, så eg forventar at dette blir bra, seier han.

Haga meiner den største utfordringa vil vere sjukehussaka i Møre og Romsdal.

– Eg håper at alle ser at vi ikkje har råd til å la denne saka skli ut på tid og at vi må ta eit vedtak. Vi taper mykje energi dersom dette trekker ut, seier han.