Hopp til innhold

Rapport omtalar store innvendige skader på «Eemslift Hendrika»

Ein fire meter lang bulk og hòl fleire stader. «Eemslift Hendrika» hadde omfattande indre skader, syner rapport frå Sjøfartsdirektoratet.

Truster forårsaket hull i ballasttank innvendig på det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika»

INNVENDIGE SKADER: Propellar som vart frakta under dekk skal ha skada to ballasttankar på lasteskipet Eemslift Hendrika.

Det var slege hòl i to av ballastankane på «Eemslift Hendrika».

Den eine tanken var punktert fleire stader og hadde ein bulk som var 40 cm djup og ca. fire meter lang. Skadane førte til at det kom vatn inn i lasterommet på skipet.

Det syner ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet sin hamnestatskontroll som Sunnmørsposten har fått innsyn i.

Propellar som vart frakta under dekk skal ha forskyvd seg og slått hòl i tankane.

Sjøfartsdirektoratet sine bilder fra det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika».

UNDER DEKK: Også ein arbeidsbåt, som var lasta under dekk på skipet, skal ha flytta på seg. Arbeidsbåten skal ikkje ha fått betydelege skader.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

Dramatisk berging

Det nederlandske lasteskipet dreiv mot land i to døgn, utan motorkraft og mannskap, før det vart berga på Stadhavet om kvelden 7. April.

Då sette Kystverket i gang ein statleg redningsaksjon.

Skipet vart slept til Ålesund. Medan det låg til kai der gjennomførte Sjøfartsdirektoratet ein hamnestatskontroll.

Eemslift Hendrika, Nordmand Drott og BB Ocean

STATLEG AKSJON: Kystverket tok styring over redningsaksjonen for å berge Eemslift Hendrika.

Foto: KV Sortland

– Vanskeleg å vite om det var hol i skroget

Ballastankar er tankar i botnen eller sidene på eit skip som er viktig for stabiliteten. Tankane vert fylte med sjøvatn for å få vekt lågt i kjølen, og dermed sørgje for at eit skip flyt stabilt.

Truster forårsaket hull i ballasttank innvendig på det nederlandske lastefartøyet «Eemslift Hendrika»

Håvard Vollset Lien er universitetslektor, og underviser i skipsdesign ved NTNU. Han peikar på at hòl i ein ballasttank ikkje treng å vere kritisk på eit skip som «Eemslift Hendrika».

– Det kritiske vil vere kor mykje vatn som lek ut frå tankane. Då får ein det vi kallar «fri væskeoverflate-effekt». Altså vatn som bevegar seg fritt i lasterommet. Det vil skape både slagside og dårlegare stabilitet, seier Lien.

Håvard Vollset Lien.

UNIVERSITETSLEKTOR: Håvard Vollset Lien underviser i skipsdesign og stabilitet ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk på NTNU i Ålesund

Foto: NTNU

Lien peikar på at det vil vere svært utfordrande å undersøke skader når ein er til havs i stor sjø.

– Det har nok vore vanskeleg å vite kvar vatnet i lasterommet kom ifrå. Mannskapet kunne ikkje vere sikre på om vatnet berre kom frå ein ballasttank, eller om det var sjøvatn som lak igjennom sjølve skroget, seier Lien.

Nederland har teke over

Hamnestatskontroll er ei undersøking som Noreg har rett til å gjere når slike hendingar skjer i norsk farvatn.

Det er Sjøfartsdirektoratet som tek seg av slike kontrollar.

– Det har vore store krefter i sving. Nokre av skadane var så alvorlege at reiarlaget fekk krav om å reparere dei mellombels før skipet fekk gå frå hamn. Vidare gransking av orsaka til havariet er det no flaggstaten som tek seg av, seier Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Dermed er Sjøfartsdirektoratet si rolle i saka så godt som avslutta. Og nederlandske myndigheiter har ansvaret for vidare undersøkingar.

Dag Inge Aarhus

SJØFARTSDIREKTORATET: Dag Inge Aarhus er avdelingsdirektør for Kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Thomas Halleland / NRK
Video fra Kystvakta som viser at redningsmannskap blir firt ned på nederlandske "Eemslift Hendrika" i høge bølgjer

Video frå Kystvakta som viser at redningsmannskap blir firt ned på nederlandske «Eemslift Hendrika» i høge bølgjer

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL