Hopp til innhold

Avviser hærverksbølgje

På ulike sosiale medium ryktast det at ein rekke bilar i Kristiansund har blitt utsett for hærverk som hemn for sjukehussaka. Politiet avkreftar dette.

Hærverk på bil i Kristiansund

Dette er eit av bileta som har blitt lagt ut på Facebook den siste tida. I kommentarfeltet er det mange som meiner at skaden har skjedd som hemn for sjukehussaka.

Foto: Privat

Det var like før jul at helseminister Bent Høie vedtok at det nye fellessjukehuset på Nordmøre og i Romsdal skal ligge i Molde, i tråd med vedtaka frå Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg.

Prosessen rundt valet av den nye sjukehustomta har sett i gong sterke kjensler både på Nordmøre og i Romsdal.

– Fyrste eg har høyrt om det

No ryktast det også at det har blitt gjort hærverk på ein rekke bilar i Kristiansund med registreringsnummer UR, som hemn for sjukehussaka. Bilar med registreringsnummer UR har tradisjonelt vore bokstavkoden for bilar som er registrert i Molde.

På Facebook har det blant anna blitt publisert fleire bilete av bilar som skal ha blitt ripa opp i Kristiansund, og i kommentarfelta er det fullt av personar som meiner dette skuldast sjukehussaka.

Alf Rune Rolland, etterforskningsleiar ved Nordmøre og Romsdal politistasjon, er likevel usikker på at dette kan knytast til sjukehussaka.

– Det er sjølvsagt umogleg å seie, men dette er det fyrste eg har høyrd om denne saka, så eg trur eg må avkrefte denne «hærverksbølgja» som har vore på ulike sosiale medium den siste tida, seier Rolland.

– Vi har heller ikkje fått telefonar frå folk som er uroa for dette, held han fram.

Så langt har politiet ikkje mottatt meldingar om hærverk på bilar i Kristiansund. Etterforskingsleiaren vil ikkje spekulere i kva som er bakgrunnen til desse rykta, men seier at dersom nokon har blitt utsett for hærverk i Kristiansund så må dei melde forholdet til politiet.

– Forsikringsselskapet krev at skaden blir meldt til politiet dersom den utsette skal søkje erstatning, seier Rolland.

– Mange av handlesentera og dei større butikkane har overvakingskamera. Det gjer det lettare å finne dei skuldige, men då må folk nesten melde skaden til oss, seier han.

Motvisar skiltendring

Det har også vore snakk om ein enorm pågang til Statens vegvesen, og at mange har ynskja å endre registreringa på bilane sine frå UR til UX, som er bokstavkjennemerket i Kristiansund. Dette for å unngå skadeverk på bilane.

Heller ikkje dette ser ut til å stemme.

– Vi har mottatt ein førespurnad før jul og den gjaldt nokon som hadde mista eit skilt, seier Jan-Erik Myhr, seksjonsleiar for Statens vegvesen Midt-Noreg.

Myhr vil ikkje spekulere i kva som var årsaka til dette.

– Om det er andre årsaker til at dei ville ha eit anna skilt, det er umogleg for oss å vite, men så langt er det den einaste meldinga vi har fått, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL