Det er fire dagar sidan helseminister Bent Høie avgjorde at det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge i Molde. I Kristiansund er folk både sinte og skuffa.
Dei meiner at tomta på Storbakken kunne hatt ein sjanse til å nå fram dersom prosessen hadde vore ryddig.
Det har i ettertid kome fram at tidlegare sjukehusdirektør Astrid Eidsvik meinte at Storbakken var det beste alternativet, men at ho følte seg pressa til å velje Opdøl i Molde. Ho slutta på dagen 4. desember.
Både Helse Midt-Noreg og helseminister Bent Høie avviser at dei har gitt noko styringssignal. Bent Høie skal svare for seg til kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Meiner vedtaket er ugyldig
I løpet av natta har ei gruppe tilsette hengt opp store banner på veggen på sjukehuset. På ein av bannarane står det at sjukehusvedtaket er ugyldig.
– Vi stiller ei rekkje spørsmål til det som har skjedd og vil at kvar ein stein skal bli snudd for å finne ut korleis prosessen kunne havarere, seier Ralph Herter.
Han meiner at det som har skjedd ikkje toler dagens lys og at sterke krefter har gjort ein innsats for å få sjukehuset plassert i Molde.
Blir ikkje julefred
Under eit ekstraordinært styremøte i Helse Møre og Romsdal søndag la advokatfirmaet Thommessen fram ein konklusjon om at det mest truleg har skjedd eit brot på helseføretakslova med forsøk på eigarstyring, men at det ikkje har hatt praktiske konsekvensar for vedtaket.
Herter trur ikkje realiteten er slik og gir ikkje opp håpet om at det nye sjukehuset kan bli plassert på Storbakken.
– Dette vil ikkje bli ei roleg jul og julefreden vil ikkje senke seg over Nordmøre, så lenge vi ikkje får svar på kva som har skjedd, seier Herter.
Kjem ikkje til å ta ned bannera
Konstituert direktør Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal seier dei forstår dei tilsette sin frustrasjon, og at dei difor ikkje kjem til å gjere noko innsats for å fjerne bannera.
– Eg trur både leiinga og dei tilsette er samde om at sjukehusa ikkje skal vere noko arena for demonstrasjonar, men vi forstår at dei tilsette er veldig frustrerte over prosessen. At nokon vel å ytre seg på denne måten er ikkje nokon stor sak for meg, seier Hårstad til NRK.
– Men er dette ein ok måte å vise si misnøye på, tykkjer du?
– I ein vanleg kvardag er det sjølvsagt ikkje det, men no er det ein veldig spesiell situasjon. Difor har eg ikkje problem med denne saka.
Hårstad seier han reknar med at dei tilsette sjølv tek ned bannera, etter at dei har fått merksemd kring ytringane.