NRK Meny
Normal

Diskuterte framtidas samarbeid

Plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har skapt splid mellom dei to fylkesdelane. I dag diskuterte dei moglegheita for vidare samarbeid.

Molde og Kristiansund

Plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har skapt splid mellom Molde og Kristiansund.

Foto: Roar Halten/Odd Sørås / NRK

Det har vore mykje bråk rundt plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og under styremøtet til Helse Møre og Romsdal tidlegare denne veka kom det fram påstandane om press og korrupsjon knytt til tidlegare direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, gjekk av.

Statsråd Bent Høie har også blitt skulda for å ha blande seg i prosessen i strid med reglane for eigarstyring, noko han har nekta. I dag bestemte Høie at det nye fellessjukehuset skal ligge på Opdøl i Molde.

Det var under ein debatt i programmet Her og Nå på NRK P1 fredag at varaordførar i Kristiansund, Kjell Nergaard, og ordførar i Molde, Torgeir Dahl, diskuterte det framtidige samarbeidet mellom dei to byane.

Må ha tillit til prosessane

I debatten seier Nergaard at dei vil bruke helga på å summe seg litt før dei vurderer kva neste steg i saka blir, men han er likevel tydeleg på at det vil bli ein reaksjon frå Kristiansund si side.

– Vi må ha tillit til at dei prosessane som har vore i denne saka toler dagen lys. Det har vi ikkje på dette tidspunktet, seier han.

Varaordføraren meiner at protestane rundt plasseringa av det nye fellessjukehuset ikkje stammar frå sjølve valet, men prosessane rundt saka.

– Vi er ikkje ute etter å krangle med Molde. Dei har hatt like stor rett som oss til å krangle for si sak. Vi ynskjer å få svar på dei spørsmåla vi har rundt prosessen, og dei er det Høie og Helse Møre og Romsdal som må svare på, seier Nergaard.

Han ser ikkje bort frå moglegheitene for eit godt samarbeid med Molde i framtida, men meiner det framleis er mange ting som må avklarast før den tid.

– Vi kan sjå for oss eit godt samarbeid med Molde etter kvart, men vi ynskjer ei avklaring på kva det er som faktisk har skjedd før vi kan samlast om gode prosessar for det nye fellessjukehuset, seier Nergaard.

Trenger tid

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, har full forståing for frustrasjonen og vonbrotet som Kristiansund no føler på. Likevel meiner han det er viktig å skilje mellom dei ulike delane av prosessen.

– Det at Astrid Eidsvik trakk seg skapte mykje uro og spekulasjon, eg meiner likevel det er viktig å skilje mellom idefaseplanlegginga og hennar fråtreding, seier han.

Også Dahl meiner det er viktig å få klårleik i kva som har skjedd i denne saka.

– Det er bra at Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal gå inn i saka og undersøke nokre av elementa som det framleis er knytt mykje uro til, seier han.

Ordføraren meiner det er viktig å gi Nordmøre og Kristiansund den tida dei treng, men at ein så bør prøve å komme saman for å skape eit best mogleg fellessjukehus.

– Dette prosjektet er eit felles ansvar for Nordmøre og Romsdal og vi har eit ansvar for å skape eit godt tilbod, seier Dahl.

– Det er ingen som feirar her i Molde. Vi er avhengige av kvarandre for å gjere kvarandre sterkare og for å skape ei positiv samfunnsutvikling på Nordmøre og i Romsdal, held han fram.