Avfallsdeponi i Rausand
Foto: Bergmesteren Raudsand

Avfallsdeponi Raudsand

Oppsummert

Raudsand i Nesset i Møre og Romsdal er ein av to alternativ for nytt nasjonalt deponi for farleg avfall. Det andre er Brevik i Telemark. Eit nytt deponi trengst, då dagens deponi på Langøya i Oslofjorden er snart fullt.

  • Blir ikke ekskludert

    Styret i Nesset Ap vil ikke ekskludere kommunestyremedlemmene som stemte ja til deponiplanene i Raudsand i forrige uke. Et medlemsmøte i partiet hadde før kommunestyremøtet pålagt gruppen å stemme samlet mot planene. Styret sier i en melding at de fortsatt har full tillit til Anders Torvik som leder i lokallaget, melder Driva

    Avstemmingen i kommunestyret i Nesset om deponi
    Foto: Øyvind Sandnes / NRk
  • Delte om Raudsand

    Arbeidarpartiet i Nesset utelukkar ikkje at medlemmer kan bli ekskludert etter å ha sagt ja til eit nasjonalt deponi for avfall på Raudsand. Tidlegare i veka vedtok partiet å binde gruppa i kommunestyret, men trass i det braut fleire ut og stemte ja. Gruppeleiar for Ap i kommunestyret i Nesset, Toril Melheim Strand, ser at det kan oppfattast som illojalt at ho i går gjekk på tvers av vedtaket til lokallaget om å stemme imot planane. Likevel stemte ho ja til reguleringsplanen. Ho var imot at lokallaget skulle binde stemmene og seier at ho er valt inn for å kjempe for fleire arbeidsplassar i Nesset.

    Raudsand planar
    Foto: Bergmesteren/Stena Recycling
  • Vedtaket opnar for avfallsdeponi

    Nesset kommunestyre seier ja til reguleringsplanen. Det opnar opp for at eit nytt nasjonalt deponi for farleg avfall kan bli lagt til Raudsand. Det er Miljøverndepartementet som avgjer saka. Det var eit splitta kommunestyre som kom fram til avgjerda, og røystetala var 13-8. Striden har stått om miljøspørsmål opp mot arbeidsplassar.

    Nesset kommunestyre
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Går i gruppemøte før avstemming

    Politikarane i Nesset går no i gruppemøte før avgjerda om reguleringsplan for Rausand. Det er sterke krefter på begge sider, og uvisst kven som vinn fram i kommunestyremøtet torsdag ettermiddag. Frå talarstolen har fleire protestert mot det harde debattklimaet i sosiale medium, og bedt om respekt i ei vanskeleg sak.

  • Gruppemøter i Nesset

    Før kommunestyret i Nesset går til avstemming om ny reguleringsplan har partia gått til gruppemøter. Ein ny reguleringsplan er ein føresetnad for at det skal bli deponi, som så må bli godkjent av departementet.

Striden om eit nasjonalt giftdeponi og avfallsanlegg på Raudsand i Nesset har skapt vondt blod blant bygdefolket.