NRK Meny
Normal

Vil jobbe mot planane om deponi

Framstegspartiet sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Sylvi Listhaug, seier nei til planane om deponi for farleg avfall på Raudsand.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug meiner det ganske enkelt ikkje bør lagrast meir avfall på Raudsand.

Foto: NRK

– Å pøse på med meir farleg avfall og gift i eit deponi på Raudsand, er uaktuelt, seier Sylvi Listhaug (FrP) til Romsdals Budstikke.

Rausand i Nesset blir vurdert som nasjonal lagringsplass for farleg uorganisk avfall når deponiet i Oslofjorden er fullt.

– For meg, som representant for Møre og Romsdal, er planane om eit stort deponi av farleg avfall uforeinleg med dei store verdiane som området representerer med fjorden og reiselivet. Dette er eit så fantastisk område av landet at vi ikkje kan ta risiko om meir forureining, seier Sylvi Listhaug til avisa.

Vil ikkje vente på konsekvensutgreiing

Steinar Reiten

Steinar Reiten (KrF) meiner

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Også Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal stiller seg sterkt imot eit mogleg deponi for farleg avfall på Rausand.

Listetopp Steinar Reiten fortel at KrF ikkje er interessert i å vente på konsekvensutgreiinga før partiet seier nei.

– Deponiet har så mange svært uheldige sider ved seg at vi ikkje ønskjer det inn i fjordsystema i fylket vårt. Dette dreier seg om ein halv million tonn farleg avfall i året som skal fraktast med skip langs heile kysten.

– Må få fakta på bordet

Helge Orten

Helge Orten (H) meiner det er viktig å få all fakta på bordet før ein seier ja eller nei.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

KrF og FrP får selskap av Senterpartiet, som også har sagt nei til deponiet. Høgre, derimot, vil ikkje ta stilling no. Listetopp Helge Orten fortel at partiet vil vente til konsekvensutgreiinga er unnagjort.

– Vi treng grundige og gode konsekvensutgreiingar på korleis dette kan gjennomførast i fjellet slik det er foreslått. Eg synast det er eit godt utgangspunkt for all ansvarleg politikk å sørgje for at ein har eit godt faktagrunnlag før ein trekkjer bastante konklusjonar.