Siri Andrea Storholt
Foto: Roar Strøm / NRK

Gifta som splittar bygda

RAUDSAND (NRK): Tobarnsmora Siri Andrea Storholt fryktar at alt giftig avfall i Noreg skal hamne i den vesle bygda Raudsand i Romsdal. Planane om eit nasjonalt giftdeponi forgiftar no debattklimaet i det tradisjonsrike gruvesamfunnet.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Barnelatter fyller stua i Raudsandbakken. Skulen er over for i dag.

– Det er framtida til barna det handlar om, seier Siri. Naboen Synnøve Almås Harstad nikkar. Ho er på besøk heime på kjøkenet hos Siri. Med alvorleg mine diskuterer dei to kvinnene dei mange tonna med gift som kan bli lagra på nabotomta.

– Debatten om giftmottaket er så oppheita at eg er redd for kva ungane skal få høyre. Skal eg tør å seie kva eg meiner? Skal eg i det heile tatt bry meg? Kva får ungane høyre på bygda når folk diskuterer kva vi uttalar oss om.

Ho er nær nabo til det enorme anlegget som kan kome til bygda. Dermed kan ho sende høyringssvar til kommunen. Sånn sett kan ho velgje å vere formell overfor kommunen. Men kva skal ho skrive?

Vi føler sinne, vi føler uro og vi meiner vi har fått nok.

Siri Andrea Storholt

Nasjonen Noreg produserer over 500 000 tonn gift kvart år. Frå 2022 veit ingen kvar Noreg skal gjere av denne gifta. Valet står mellom Brevik i Telemark og Raudsand i Møre og Romsdal.

Den lokale gründeren Harald Storvik har fått med seg den internasjonale giganten Stena Recycling som vil sende alt norsk giftig uorganisk avfall til Raudsand. Og det skal skje fort. Snart er det noverande anlegget i Oslofjorden fullt.

Tobarnsmora og naboane står midt oppe i den harde debatten mellom motstandarar og tilhengarar av giftdeponi og gjenvinningsanlegg i den vesle bygda.

Norge trenger ny deponikapasitet for uorganisk farlig avfall når dagens deponi på Langøya utenfor Holmestrand om få år er fullt.

Miljødirektoratet

Lukta, miljøkriminalitet, nye lovnader og djup mistillit

Det er stille i bygda denne sommardagen. Dei vaksne er på jobb. Og nokon sit kanskje ved PC-en og førebur neste debattinnlegg om giftmottaket.

Av og til kan vi kjenne ei stikkande lukt frå det gamle gruveanlegget.

Lukta, støvet, avsvidd vegetasjon og rykta kring det farlege avfallet har skapt ein djup mistillit til dei som vil starte nytt avfallsanlegg i området.

Situasjonen er tilspissa. Til og med kjende rikspolitikarar som har stått midt i dei hardaste stormkasta i norsk politikk skal få merke dette.

Skarpe kommentarar og stikkande blikk

I nordenden av bygda kneisar det høge tårnet som har blitt som eit ikon for det gamle gruvesamfunnet Raudsand. I dag står det til forfall. Gruva blei lagt ned i 1987.

På gruveområdet driv selskapet Real Alloy gjenvinning av avfall frå aluminiumsindustrien. Inne i gruvene og oppe på fjellet er det lagra store mengder giftig avfall.

Om det er stille i bygda har både motstandarar og tilhengarar av deponiplanane fått føle kreftene i sterke, sviande ord på sosiale medium. Der det før var eit smilande ansikt kan det i dag vere ein mørk rygg.

Skarpe blikk, truslar og ei stille tausheit skal også ha blitt ein del av kvardagen.

– Det er ein hake ved den vakre bygda Raudsand

Kjøkenet til Siri er som henta frå eit nytt interiørmagasin. Dei grå fargane er lekkert miksa med pyntegjenstandar i matchande fargar og lysestakar i sølv. Huset er nytt. Ho tek sjansen på å bli buande her, sjølv med planane om giftdeponi hengande over seg. Lukta av nysteikte vaflar pirrar både sansane og matlysta. Og det er leikande barn på golvet.

Ved bordet fortel Synnøve Almås Harstad ei historie som står i skarp motsetnad til den gode stemninga i det lune huset i Raudsandbakken. Ho meiner ho har fått erfare at ikkje alle vil henne vel.

– Denne saka har splitta bygda kraftig. Folk snur ryggen til og vil ikkje prate. Raudsand er ein fantastisk fin stad. Men det har blitt ein hake ved staden. Og den har stor betydning for oss som bur her, seier Synnøve Almås Harstad.

Sosiale medium har blitt ein kanal for å kunne henge ut folk på dei mest usaklege måtane. Det er mobbing og usmaklege kommentarar.

Synnøve Almås Harstad

Eg har sagt at eg flyttar om deponi-planane blir gjennomført. Eg veit det ikkje er nokon trussel. For det er folk her som meir enn gjerne vil gje meg hjelp til å kome meg ut av bygda.

Synnøve Almåls Harstad

Harstad gjer seg klar til å fortelje korleis ho opplever splittinga i bygda. Nærmast som ein lojal støttespelar hoppar katten opp i fanget hennar.

– No haglar det med personangrep. Nokre blir angripne for korleis dei ser ut. Andre blir diagnostiserte med alzheimer og hukommelsessvikt, seier ho.

Ho fortel om det ho oppfattar som truslar, men ønskjer ikkje å gå i detalj. Frå gruvene like rundt hushjørnet kjem det gassar frå gamalt avfall som er lagra der.

Ho har kjempa kampen for frisk luft. No møter ho motstand når ho også vil stoppe dei nye planane om avfallsanlegg. Det er sterke krefter som er sette i sving.

Store mengder avfall i fjellet

I fjellet over gruveområdet ligg det store mengder avfall, truleg frå europeisk aluminiumsindustri.

Avfallet er transportert til fjellet over ei årrekkje. Dei siste transportane til fjellet skjedde etter konkursen i gjenvinningsbedrifta Aluscan tidleg på 2000-talet.

Selskapet Bergmesteren har planar om å dekke til avfallet. Sigevatn skal rensast og kontrollerast før det hamnar i fjorden, ifølgje Bergmesteren.

I gamle, mørke gruver

I denne videoen kan du bli med inn i dei gamle gruvesjaktene. Her har det vore lagra store sekkar med det som truleg er farleg avfall.

Desse opptaka er gjort av motstandarar mot giftdeponiet, og viser at dei fleire hundre meter djupe gruvene er fylt med vatn.

Ingen kjenner nøyaktig til kva som er dumpa i gruvene, men boblinga i vantnet viser at noko der nede avgir gassar.

Stolt gruvehistorie

Stiden som herjar i Raudsand i desse dagar har røter tilbake til byrjinga av 1900-talet. Då starta Rødsand Gruber utvinning av jernmalm.

På 1960- og 1970-talet produserte gruva om lag 120 000 tonn magnetittkonsentrat med 65% jerninnhald.

Malmdrifta blei lagt ned i 1987

I 2002 tok Økokrim ut tiltale mot leiarane i den dåverande bedrifta Aluscan for ulovleg lagring av møllestøv og utslepp til sjø og luft. I 2004 blei to leiarar ved bedrifta funne skuldige for alvorleg miljøkriminalitet.

Forureininga, med lukt, støy og øydelagd vegetasjon har vore så omfattande, at mange av bebuarane no har mista tilliten til dei som kjem med nye planar.

– Forureininga fører mange dagar til at vi i periodar ikkje kan opphalde oss heime. På dei finaste sommardagane har vi vore nøydde til å flykte heimanfrå. Vi har kontakta forureiningsmyndigheitene utan å få hjelp. Så kvifor skal vi ha tiltru til at dei nye planane skal vere så bra, seier Storholt.

Beinhard debatt i sosiale medium

Det er særleg på Facebook at debatten er hard.

Både JA og NEI-sida har oppretta eigne Facebook-grupper.

Innlegga med dei hardaste personangrepa er blitt sletta, enten av forfattaren sjølv eller av moderatorar på Facebook-gruppene

Debatten går heftig også i lokalavisene på Nordmøre og i Romsdal.

Bergmesteren og Stena Recycling

Støvskya står høgt til vers når gründer Harald Storvik i selskapet Bergmesteren køyrer den blanke Teslaen sin ned grusvegen til det gamle kaiområdet ved gruvene på Raudsand. Ivrig hoppar han opp på ein skrent og peikar.

– Bak i fjellet skal vi sprenge ut store fjellhallar. Vi skal fylle ut området ved fjorden og lage kai. Og her skal vi bygge fabrikken som skal hente ut verdifulle stoff frå avfallet, forklarar han entusiastisk.

Mostandarane uttalar seg på feil grunnlag. Dei har ikkje søkt etter riktig informasjon. Dei brukar ein gammal rapport og har ikkje lest den nyaste.

Harald Storvik

Harald Storvik

Harald Storvik er gründer og dagleg leiar i Bergmesteren.

Han ser på planane om eit nytt resirkuleringsanlegg og deponi som ein måte å få rydda opp i dei gamle miljøsyndene i gruveområdet.

Storvik har bygt seg opp gjennom utvikling og sal av eit stort renovasjonsselskap i Kristiansund og gjennom eigedomsutvikling i nordmørsbyen.

Han kjøpte området Bergmesteren på Raudsand i 2002.

Eg forstår skepsisen, og vi set pris på at folk kjem med tilbakemeldingar. Men debattklimaet når eit lågmål når enkeltpersonar blir hengt ut. Dei bør skjerpe seg i debatt-teknikken sin.

Harald Storvik

Gjenvinningsanlegg

I området nord for dei gamle gruvene skal Bergmesteren, Stena Recycling og Veidekke bygge ein stor fabrikk som skal hente ut verdifulle stoff frå avfall. Restavfallet skal lagrast i store fjellhallar i fjellet bak fabrikken.

Anlegget skal kunne ta imot 500.000 tonn avfall kvart år.

Teknologien har namnet Halosep, ein teknologi som Stena-konsernet har patent på. Utviklinga av metoden er mellom anna finansiert av EU.

Kaianlegget på Raudsand skal kunne ta imot skip på opp til 20.000 tonn.

Harald Storvik eig selskapet Bergmesteren. Saman med Stena Recycling vil dei bruke teknologi som tek sikte på å gjenvinne om lag 70 prosent av tungmetalla og nær 100 prosent av salta som kjem inn til anlegget som avfall.

– Vi treng arbeidsplassane

Litt lenger oppe i bygda bur Tormod Aspås. Han er ei eldsjel i bygda, friluftsmann og sentral blant anna i idrettslaget på Raudsand.

Kvar vi enn snur blikket inne i stova fell augene på bilete av store og små familiemedlemer. På kjøkenet er kona Ingrid i full sving med å diske opp med kaffi og kaker.

Tormod har besøk av kameraten Kurt Bugge. Begge har hatt arbeid i tilknyting til det gamle gruveanlegget. Dei viser gjerne fram bygda si og pratar varmt om eit Raudsand med eit aktivt organisasjonsliv. Dei ønskjer nytt liv til bygda for framtidige generasjonar og ønskjer gjenvinningsanlegget og deponiet velkomen.

Støttar planane

Tormod Aspås og Kurt Bugge er ikkje i tvil: Gjenvinningsanlegget kjem til å bli ei velsigning for Raudsand. Dei har stor tru på at det blir arbeidsplassar og vekst for framtidige generasjonar.

Begge to har arbeidd i firma som har tilknytning til det gamle gruveområdet, og dei er aktive i foreningslivet på Raudsand.

Det er store og seriøse firma som står bak planane.Vi har tillit til dette. Anlegget kjem til å gje ringverknader. Det kan bli meir midlar til kulturlivet, lag og organisasjonar også.

Tormod Aspås og Kurt Bugge

– Konsekvensutgreiinga blei viktig for meg. Denne utgreiinga viser at det er trygt å ta imot, gjenvinne og lagre restane i fjellet. Dette kan bli stort med store ringverknader for bygda, kommunen og heile regionen, seier Tormod Aspås.

– Eg har sjølv både barn og barnebarn og vi må sjå framover og tenkje på framtida. Det er A/S Noreg som no kan kome til å satse på Raudsand, seier Kurt Bugge.

Kommunen blir den grønaste i landet om dette anlegget kjem.

Tormod Aspås

Også dei er også sterkt kritiske til debattklimaet som er blitt skapt i bygda. Dei seier debatten er prega av usaklege utspel.

– Eg likar ikkje nivået som har vore. Det er ikkje bra når debatten går på personane laus, seier Tormod Aspås.

– Vi må vedgå at alt som har vore sagt og skrive ikkje har vore like fint. Facebook har blitt ein enkel stad å skrive sterke utspel på. Mange sit, gjerne i helgene, og skriv ting dei ikkje burde ha skrive. Men heldigvis er i alle fall JA-sida flinke til å ta bort dei verste kommentarane. NEI-sida har vore slappare på det punktet, og det er synd, seier Kurt Bugge.

Motstanden aukar

Dei lokale mostandarane av giftdeponiet følte seg lenge åleine. Det siste året er imidlertid motstanden blitt organisert gjennom gruppa «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET».

Gruppa markerte seg sterkt, mellom anna med fakkeltog sist vinter.

– Sende pressa på dør og gjekk ut bakvegen

Det er i slutten av mai. Framstegspartiet, med stortingsrepresentant Sylvi Listhaug i spissen, vil ha folkemøte på det fasjonable, historiske hotellet Angvik Gamle Handelssted. Dette er i nabobygda til Raudsand. Og det er nettopp planane om deponi og gjenvinning som står på sakskartet.

Det skal vise seg at saka er så betent at det er vanskeleg for folk å kome med meiningane sine i dette som var tenkt som eit ope, politiske møte. Då deltakarar høyrde at det kunne kome presse til møtet trua fleire med å å trekke seg.

Mange av disse er redd for hets og sjikane både mot seg selv, barn og barnebarn. Beklager det inntrufne, men jeg hadde ingen anelse om at saken var så betent at ikke en tør å kjempe for det en tror på.

Anne Marie Fiksdal, rådgiver Møre og Romsdal FrP

Det er svært trist at folk ikkje tør stå fram. I demokratiet er vi avhengig av at folk tør stå fram med det dei meinar. Vi ønskjer at folk skal vere saklege og diskutere for og imot.

Sylvi Listhaug

Vi tykkjer også det er svært beklageleg at folk er blitt redde. Det er ein tendens til at frontane blir ekstra harde på nettet.

Stig O. Jacobsen, talsmann for «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET»

Etter møtet sender Sylvi Listhaug eit skriftleg spørsmål til Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen. Ho vil vite kva miljøgifter og farleg avfall som er lagra i deponiet og gruvegangane på Raudsand.

I midten av juni har ho enno ikkje fått svar.

Det er naturlig nok uro i lokalmiljøet for at man ikke har fått tilstrekkelig informasjon om hvile miljøgifter og farlig avfall som ligger lagret.

Sylvi Listhaug i spørsmål til klima- og miljøministeren

– Vi er i gang med opprydding

Gründaren Harald Storvik møter oss på Raudsand ein kald vinterdag like etter påske. Han vil vise oss fjellområda høgt over Raudsand. Bommen som normalt stengjer vegen er open.

I full fart køyrer han Teslaen opp dei stupbratte bakkane. Den som skal følgje med her må ha trekkraft på alle dei fire hjula. Vegen er brøytt nesten til topps. Siste delen må vi ta beina fatt. Ivrig går i førevegen, Nokre stader trakkar i gjennom og går i snø til knes.

Det er her at deler av fjellet har rast saman og det er her dei store sekkane med avfall ligg lagra under open himmel. Storvik nyttar høvet til å presisere at også Staten har eit ansvar for å rydde opp i dei gamle miljøsyndene. Deler av avfallet ligg på grunn som er eigd av Staten.

Han peikar opp mot ei fylling som ser fersk ut.

– Sjå der oppe. Der er vi allereie i gang med å dekke til avfallet, seier han fornøgd. Nokre hundre meter lenger oppe i lia kan vi sjå spor etter heilt nye fyllingar.

Vi lyftar blikket over dei store haugane med miljøfarleg avfall. I det fjerne kan vi skimte fjorden og augene fell akkurat på merdane til eit oppdrettsanlegg.

Forstår du ikkje at folk blir uroa for at anlegget kan forgifte fjorden med oppdrettsanlegg og det heile?

– Vi har fleire rapportar som konkluderer med at den faren er minimal. Vi tek miljøomsyn og skal byggje eit anlegg som er trygt, seier Storvik.

Folk seier at vi ikkje gjer noko med avfallet som ligg lagra i fjellet. Det er feil. Vi er allereie i gang med å dekke til og stelle området.

Harald Storvik

Planane mine er som eit kinderegg. Vi får tre ting i eitt. Vi får rydda opp i gamle synder. Vi får kontroll på forureininga. Og vi får etablert eit framtidsretta gjenvinningsanlegg med mange arbeidsplassar.

Harald Storvik

Storvik er overtydd om at det er Raudsand som blir valt. Og han ser på planane sine som ei løysing på miljøproblema som har ridd Raudsand som ei mare i årevis.

Folk sausar saman gamle ting og skapar skrekk og gru. Men dei fleste har teke til seg informasjon og brukar han fornuftig.

Harald Storvik

– Det er ingen i Skandinavia som er betre enn Stena Recycling når det gjeld gjenvinning. Slike selskap leikar ikkje med miljøet. Motstandarane har gjort ein god jobb og fått fokus på saker som elles kanskje ikkje hadde blitt sett like grundig på. Men vi kjem ikkje utom det faktum at Noreg må ha eit anlegg for giftig uorganisk avfall, konkluderer Harald Storvik.

– Folk tek ting personleg

Siri og Synnøve blir med til vegen opp til fjellpartiet Bergmesteren. Denne gongen er vegen stengd med bom. Frå høgt oppe i fjellet kan vi høyre ein anleggsmaskin.

Folk blir rakka ned på. Det er forferdeleg. Det er forkasteleg. Og det er faktisk også ungar som ser dette.

Siri Andrea Storholt
Synnøve Almås Harstad og Siri Andrea Storholt

Denne dagen var vegen opp til dagbrota der det er lagra store mengder avfall stengd.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vi har kravd frisk luft i årevis. Og ingen ting har skjedd. Det er dette som gjer at vi ikkje har tillit til at dette blir bra.

Siri Andrea Storholt

Det skal framleis gå fleire veker før Siri Andrea Storholt sender høyringsfråsegna si til kommunen. Ho vel å skrive kort og konsist. Ingen skal vere i tvil om bodskapen. Ho seier klart frå om at ho ikkje ønskjer anlegget velkomen til å bli naboen hennar.

Ho skriv at ho har brukt eitt år å setje seg godt inn i saka. Ho skriv at raude varsellampar er raudglødande i denne saka. Og ho let det kome klart fram at ho ønskjer å verne om miljøet, naturen og havet. Og ho konkluderer slik:

Håper fornuften seirer over kapitalen.

Høyringssvar Siri Andrea Storholt
Naboane Synnøve Almås Harstad og Siri Andrea Storholt engasjerer seg sterkt mot planane om giftdeponi på Raudsand.

Heime på kjøkenet til Siri Andrea Storholt diskuterer ho og Synnøve Almås Harstad planane om gjenvinning og deponi på nabotomta. Dei er svært urolege etter at planane blei kjende.

Slik skal skjebnen til Raudsand avgjerast

I midten av juni 2018 skal alle involverte partar ha fått sagt sitt. Høyringsrunden for planane på Raudsand er over. Sist ut er organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset». Då fristen gjekk ut var det kome eit tjuetals høyringssvar frå politiske parti, organisasjonar og einskildpersonar. I september 2018 skal Nesset kommunestyret vedta reguleringsplanen for området på Raudsand.

Ingen veit førebels kor lang tid det vil ta før det endelege vedtaket kan gjerast. Kommunaldepartementet skal godkjenne eller forkaste reguleringsplanen. Selskapa som ønskjer å drive eit nasjonalt gjenvinningsanlegg skal få ein frist til å søkje om konsesjon til dette. Deretter skal Klima- og miljødepartementet ta den endelege avgjerda.

Raudsand

Bygda Raudsand er ein idyll, men med djupe sår under overflata. Ingen veit kor lenge bygda må leve med ubesvarte spørsmål om dei skal bli verts-stad for Noregs nye, nasjonale deponi og gjenvinningsanlegg for giftig uorganisk avfall.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK