Enno har ikkje politikarane i Ålesund fått saka om etablering av eit mykje omdiskutert deponi for store mengder forureina sediment, på bordet.
Dei skal bestemme om deponiet for mudder frå den stekt forureina Aspevågen, skal ligge på Flatholmen, Kvennaneset eller i Gangstøvika. Mudderet inneheld mellom anna restar av kvikksølv, bly og kopar.
Fleire årsaker
– Ja, vi har blitt forseinka, og årsakene er fleire. Dette er eit komplisert arbeid der mange omsyn må takst, og framleis jobbar vi med detaljplanlegginga. Men håpet er å få saka behandla politisk innan nyttår. Då kan vi kome i gang med bygginga av deponiet hausten 2019, seier prosjektleiar Rose Mari Refsnes i Ålesund kommune.
Rose Mari Refsnes er prosjektleiar i Ålesund kommune.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHo seier kommunen skal setje ned ei referansegruppe med folk frå ulike interessegrupper, som skal vere med i den vidare prosessen.
– Til den tid skal vi har klar innstilling til politikarane om kvar vi meiner deponiet bør leggast. Vi har enno ikkje konkludert på det punktet, seier Refsnes.
Dei folkevalde i Ålesund bystyre skal bestemme kvar det planlagde deponiet skal plasserast.
Foto: Ivar Lid Riise / NRKNår politikarane har bestemt kvar deponiet skal plasserast, kan detaljplanlegginga starte. Så må søknad om tiltak til fylkesmannen for behandling, og deretter på ein omfattande høyringsrunde.
Rabalder
Det skapte rabalder då det i vår blei kjent at ei konsulentselskap rår Ålesund kommune til å legge deponiet til Flatholmen ved Ellingsøyfjorden. Sjømatnæringa gjekk kraftig ut og meinte eit deponi med giftig avfall i sjøkanten, vil svekke omdømmet til norsk sjømat i utlandet.
– Omdømmemessig er dette heilt håplaust. Sjølv utan lekkasjar vil eit giftdeponi i nærleiken vere øydeleggjande når vi skal selje sjømat frå Noreg, sa Palmar Sperre i Nils Sperre AS til NRK i april.
I eit felles opprop, signert ti store aktørar med ei samla omsetning på 4,5 milliardar kroner, hevda dei at det føreslåtte strandkantdeponiet vil rasere fiskeproduksjonen.
Klippfisknæringa på Ellingsøya i Ålesund ønskjer ikkje at ei deponi for farleg miljøavfall blir lagt til Flatholmen.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKNo får sjømatnæringa seie sitt både i eit ope møte før behandlinga i bystyret, og i den planlagde referansegruppa.
Omsyn til torsken
Mudringa av Aspevågen og deponering av det miljøfarlege avfallet, skal skje i eit samarbeid mellom kommunen og Kystverket.
Og det vil utan tvil ta tid før mudderet som inneheld miljøgifter etter gamle miljøsynder, blir ferdig rydda opp av sjøbotnen og plassert i deponiet.
– Fiskeridirektoratet har bestemt at det skal takast omsyn til gyteområda for Borgundfjord-torsken i dette arbeidet. Dermed blir det mogleg å mudre nokre få månader om hausten, stadfester Refsnes.
Det betyr i praksis at det vil gå fleire år før heile Aspevågen er reinska for farleg miljøavfall.
Kommunen kjem elles til å opprette ei eiga nettside om prosjektet, slik at innbyggarane kan følgje utviklinga i saka.
Dermed kan truleg mudringa og tildekkinga av miljøgiftene frå Aspevågen starte i 2020.