Hopp til innhold

Sterke protestar mot planar om giftdeponi

Eit stort oppbod med politikarar og byråkratar troppa opp for å studere området der Noregs nye nasjonale giftdeponi kan kome. Fiskerinæringa svarte med å tute dei ut.

Befaring Raudsand

Det nye anlegget for farleg avfall i Noreg kan hamne på Raudsand i Nesset. Her er representantar frå tre departement og ei rekkje andre interessentar på plass for ei synfaring.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Allereie ved innkøyringa til den vesle bygda Raudsand på grensa mellom Romsdal og Nordmøre blei delegasjonen møtt av banner som markerte motstand mot planane. Og på fjorden samla båtane seg. Med kraftige skipsfløyter let dei ikkje dei sentrale politikarane vere i tvil om at dei er sterke motstandarar av planane.

– Eg er ikkje særleg imponert, men eg skjønar godt at dei vil ha fjorden for seg sjølv, og då er det vel rett å markere seg slik, seier ordførar i Nesset, Rolf Jonas Hurlen.

Her blir synfaringa avbrote av tutande båtar.

Avfall frå heile landet

Tre departement, og ei rekke partar var på Raudsand i Nesset tysdag, for å sjå på området for det planlagde giftdeponiet. Også miljøvernarar og kritikarar fekk vere med opp i dei tidlegare gruveanlegga i bygda.

– Eit slikt deponi vil vere valdsamt alvorleg. Vi har fått nok frå før med ei fjord som ikkje er enno ikkje er friskmeldt. Eg seier som bunadsgeriljaen, nok er nok, seier Marianne Klokset Aspås i Miljøvernforbundet Møre og Romsdal.

Raudsand planar

Slik kan gjenvinningsanlegget og deponiet bli. Ifølgje planane skal det byggjast nytt kaianlegg, fabrikk og tunnelar like nord for dei gamle gruvene på Raudsand.

Foto: Bergmesteren/Stena Recycling

Farleg avfall frå heile landet kan bli frakta hit, sidan det noverande deponiet på Langøya i Holmestrandfjorden snart er fullt.

Kommunestyret i Nesset har sagt ja til reguleringsplanen, men nabokommunane har klaga. Dermed er de opp til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om planen blir godkjent.

Befaring Raudsand

Vegdekke og Bergmesteren orienterer om reguleringsplanane. Særleg dei lokale tilhøyrarane har mange spørsmål dei vil ha svar på.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kan få svar om eit halvt år

Behandlinga av den omstridde reguleringsplanen for avfallsdeponiet på Rausand vil truleg ikkje vere ferdig før etter eit halvt år, ifølgje statssekretær Lars Jacob Hiim. (H)

– Vi ser at dette er ei sak som engasjerer og eg synest det har kome mange gode saklege argument. Dette er ikkje ei type sak som hamnar i departementet fordi ho er enkel, seier Hiim.

Han seier saka har høg prioritet, men at fleire departement er involverte i behandlinga, og at dei mest omstridde sakene kan ende på regjeringa sitt bord.

Befaring Raudsand

Motstanden mot planane om gjenningsanlegg og deponi er svært tydelege på Raudsand.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Ikkje godt nok sikra

Nabokommunane hevdar Nesset kommune har brukt store ressursar på å argumentere for at Rausand er eigna som deponi for farleg avfall.

Ordførarane i Gjemnes, Sunndal og Tingvoll meiner dei ikkje har blitt høyrt i tilstrekkeleg grad. Gjemnes-ordførar Knut Sjømæling seier ønsket om kortsiktige arbeidsplassar ikkje kan trumfe omkostningane med eit deponi som vil setje spor i fleire tusen år for alle som bur rundt fjorden.

– For fylkeskommunen sin del er det bekymringa for tilstanden i fjorden, som planane ikkje sikrar godt nok mot forureining, seier Kristin Sørheim.

– Eg er glad kommunaldepartementet vil bruke eit halvt år på å behandle saka og ser at dette er ei valdsamt komplisert sak. Eg trur det var nyttig for departementa å sjå at områda sjølv og høyre planane til Bergmesteren og Vegdekke. Eg er spent på korleis dei handterer ei så vanskeleg sak, seier Kristin Sørheim.

Lars Jacob Hiim

Lars Jacob Hiim er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Roar Halten / NRK

Gjenvinning og deponi

Bergmesteren ønskjer å byggje eit anlegg der stoff frå avfall kan gjenvinnast og brukast på nytt. Materialet som ikkje kan brukast skal behandlast og plasserast i nye tunnelar nord for det gamle gruveområdet.

– No er vi her for å få informasjon, vere ute i terrenget, høyre om planane og utfordringane, seier Lars Jacob Hiim.

Harald Storvik, dagleg leiar for selskapet Bergmesteren viste delegasjonen rundt og forklarte også korleis selskapet har arbeidd for å handtere gamle miljøsynder i området.

-– Det er viktig at dei får førstehandsinformasjon om prosjektet. No får motstandarar og dei som er imot kome med innspel og får eit inntrykk av kva dette eigentleg er. Det reguleringssaka som er viktig og det som skal bli tatt stilling til no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL