Hopp til innhold

– Byråkratiet fungerer som reine galskapen

Vi går i gatene i byen Fosnavåg. Rundt oss ligg administrasjonsbygg for reiarlag på rekkje og rad. I synsranda mot nordvest kneisar Rundabranden. Dette er stortingskandidat Arnulf Goksøyr (H) sitt rike.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr på kaia i Fosnavåg. Bak han kneisar Rundabranden, fuglefjellet på øya der slekta hans kjem frå. Goksøyr har vore ordførar i Herøy i 10 år. No vil han på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

Då Arnulf Goksøyr vaks opp, såg Fosnavågen heilt annleis ut. Først kom parken og rådshus-området på seksti- og syttitalet. I nyare tid er heile sentrumsområdet frå Almenningen og vestover fornya. Fosnavåg er blitt by.

Og det sluttar ikkje her, seier han i det vi rundar hjørnet på ein av bygningane til eitt av reiarlaga. Vi arbeider med planar om å fylle ut endå meir, for å gje rom til vidare utvikling av byen.

Arnulf Goksøyr har vore kommunestyremedlem sidan 1995. Sidan 2003, altså i 10 år, har han vore ordførar. Oppslutnaden om Arnulf Goksøyr er så stor, at Høgre har hatt reint fleirtal i Herøy sidan 2011.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr kunne juble då han fekk tredjeplassen på Høgre-lista ved årets Stortingsval.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi skal ha inn tre

No står Arnulf Goksøyr på tredjeplass på Høgre si stortingsvalliste. I vår og fram på sommaren kunne meiningsmålingane tyde på at Goksøyr var å rekne med som ein av dei som verkeleg hadde ein reell sjanse på å bli vald inn. I midten av august har meiningsmålingane på riksplan gjort spenninga enno større.

Vi skal ha inn tre representantar. Ting skjer fort, men over tid har det sett bra ut, seier Arnulf Goksøyr.

– Vil vere løysingsorientert

Arnulf Goksøyr trekkjer fram evna og viljen til samarbeid som nøkkelen til den oppslutnaden han og Høgre har hatt i Herøy. Han viser til samarbeid på tvers av partigrensene og meiner det ikkje skal vere tette skott mellom det offentlege og det private.

Å finne løysingar gjennom samarbeid er god Høgre-politikk. Det er viktigare å leite etter løysingar enn å bli låst i ideologi, seier Goksøyr. Han forklarar at han vil ta med seg denne pragmatiske tilnærminga inn i eit eventuelt arbeid på Stortinget.

– Det trengst folk med pragmatisk erfaring frå næringslivet i distrikta på Stortinget, seier han.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr er i full gang med valkampen. Om han kjem på Stortinget, vil han bruke posisjonen til å byggje ned byråkratiet og forenkle lovar og reglar.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Byråkratiet tek gløden frå dei som vil skape noko

Arnulf Goksøyr rettar seg opp i stolen og får eit ekstra energisk uttrykk i auga når samtalen kjem innom byråkrati og det han kallar «regelrytteri». Han meiner at det offentlege byråkratiet lett alt for sterke band på dei som vil utrette noko, både i næringslivet og privat.

Det går ei grense for kor mykje ei småbedrift skal måtte rapportere om, og det går grenser for kor ofte dei skal vere nøydde til å rapportere om detaljar. Kan vi redusere døgn-rapportane ned til vekentlege rapportar, for eksempel, seier han og blir engasjert.

Arnulf Goksøyr har eigne erfaringar frå næringslivet. Og i den siste tida har han vore med på å ta over drifta at kurs- og leirstaden Christineborg på Runde.

Også her må vi levere rapportar til det offentlege, som om vi var ein oljerigg i Nordsjøen. Dette har eg praktisk erfaring med, og skjønar godt dei som seier at rapporteringskrava kan ta gløden frå dei som vil skape arbeidsplassar, seier han.

Men byråkratiet arbeider vel ut frå lover og retningsliner som stammar frå folkevalde organ?

– Nei, slett ikkje. Mykje av dette er utanfor folkevald kontroll. Mykje blir stoppa av skjøn i det offentlege byråkratiet, seier han.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr har vore i Stortinget før. Dette er i 2007, då han reiste saman med ein stor delegasjon i saka om skattlegging av reiarlaga.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Dei kravde havutsikt for begravd viking

Arnulf Goksøyr trekkjer fram fleire eksempel, der saker han kjenner er blitt stoppa i byråkratiet, og som han meiner det ikkje finst dekning for i lover eller forskrifter.

Eg har fleire grelle eksempel, seier han og trekkjer fram ei historie kring ein familie som hadde byggjeplanar. Desse blei stoppa i byråkratiet.

Han fortel at det rett nok låg ei vikinggrav i nærleiken av tomta. Og arkeologane hadde funne ei kokegrop. Men tomtearbeidet skulle ikkje øydeleggje noko av dette.

Men så kjem byråkratane og seier at den begravde vikingen skal ha fri sikt til havet! Kvar i norsk lovverk står det at ein gravlagt viking skal ha havutsikt. Dette er skjøn, utan dekning i noka norsk lov. Og historia sluttar ikkje der.

Den same vikinggrava og kokegropa dukkar opp i ei anna utbyggingssak i Herøy. Då er det utbygginga av eit turistprosjekt som blir stoppa. Men då er det ikkje havutsikta til den gravlagde vikingen som er problemet, forklarar han.

Nei, då dukkar det opp ei anna vikinggrav lenger aust. Og då blir det eit poeng at dei to vikingane skal ha fri sikt til kvarandre! Kvar står det i norsk lovverk at to gravlagde vikingar skal ha fri sikt til kvarandre, seier han og slår fingeren i bordet.

– Må lenger enn til Molde for å ordne dette

Arnulf Goksøyr gjer det heilt klart at forenkling av regelverk og overføring av makt frå byråkratiet til lokale folkevalde organ kjem til å vere ei kampsak for han, om han får plass på Stortinget.

Det er jo reine galskapen slik det fungerer no, seier han. Og eg trur vi må lenger enn til Molde for å ordne opp i dette, konkluderer han.

Herøyløftet får Likestillingsprisen 2011

Herøyløftet er eitt av fleire prosjekt som Herøy kommune har gjennomført i løpet av dei 10 åra Arnulf Goksøyr har vore ordførar. Her får dei likestillingsprisen for prosjektet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Fekk fagdagar i turnusen

For Arnulf Goksøyr handlar det om å få til løysingar. For å få til dette, må det ofte tenkjast nytt. Og det har kommunen hans Herøy fått til i så stor grad, at dei også har teke imot pris og godord om det.

Mange arbeidsplassar slit med å finne tid til å gje dei tilsette fargleg utvikling og påfyll. I helsesektoren i Herøy har dei funne ei løysing på dette, ifølgje Goksøyr.

Vi har fått kompetanseutvikling inn i turnusplanane. I helsesektoren har dei tilsette fått faste dagar, som skal brukast til fagleg utvikling, fortel han.

Dette har så langt kosta pengar. Det er sett av 2,5 millionar kroner til prosjektet i år.

Men det ligg i prosjektet at det skal vere sjølvfinansierande etter 2 år. Og vi er langt på veg til å nå dette målet. I første rekkje handlar dette om å ta vare på dei tilsette, og her gjer vi det ved å auke kompetansen. Også trivselen aukar, seier Goksøyr.

– Idretten tok meg til politikken

Arnulf Goksøyr er ein av dei mange som har kome inn i politikken gjennom arbeid i organisasjonslivet. For Goksøyr sitt vedkomande skjedde dette då han flytta frå Bergøya til Leikong.

Eg kom til Leikong og hadde vel tenkt å bli stjerne på fotballaget der. Det gjekk vel ikkje akkurat slik. Men der var eit fotballmiljø, eg kom på årsmøtet til Gurskøy Idrettslag, og blei formann i styret ganske fort. Både gjennomtida i Bergsøy og Gurskøy såg eg at ein må vere fleire enn seg sjølv for å få gjennomført ting, seier han. Og han legg til at idretten ofte er ein fin veg å gå inn i eit aktivt byggjande samfunnsliv. I Bergsøy spelte han fast på juniorlaget, og har om lag 100 seniorkampar for Gurskøy.

Kåre Willoch og Jo Benkow

Dette lokale engasjementet for å få til ting blei så kombinert med fascinasjonen kring det som skjedde på den politiske arenaen. Og det er fleire personar han hugsar frå denne perioden.

Kåre Willoch var heilt «konge» i min oppvekst. Og Jo Benkow tilførte oss haldningar og ideologisk bakgrunn. Det var fleire politikarar som fascinerte meg med debatteknikken og vidd. Dette var jo i tida med dei store debattane mellom Gro og Kåre, fortel han.

Likevel gjekk han fleire rundar med seg sjølv før han bestemte seg for å engasjere seg i eit politisk parti.

Eg leste programma til alle dei politiske partia. Og eg var heilt trygg på at det var i Høgre eg høyrde heime. Så i 1991 banka eg på døra og sa at eg ville bli medlem, seier han.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr på Christineborg på Runde. Her finn han roa, og her har han fritt utsyn til ytste garden på Goksøyra der slekta kjem frå.

Foto: Terje Reite / NRK

Finn roa på Runde

Den maritime næringa har betydd mykje for Arnulf Goksøyr. Han byrja den yrkesaktive karrieren på sjøen, med garnfiske, på snurpar og i tråling etter reke på mange forskjellige havstrok. Han arbeidde i 9 år i konfeksjonsbransjen og har vore assurandør i 3–4 år.

Dei siste par åra har han vore med på å ta over reiselivsbedrifta og leirskulen Christineborg på Runde.

På Runde, i Goksøyra, med forholdsvis dårleg mobildekning, der finn eg roa, seier han.

Heilt roleg kan det likevel ikkje ha vore heile tida. Han tek oss med på ein liten rundtur på Christineborg. Staden er blitt oppgradert og modernisert. På kjøkenet er dei i full sving med å førebu maten som skal serverast i helga.

Her kan det godt hende at gjestane møter meg bak disken ein søndag. Og eg likar godt å prate med turistane som kjem her. Då går det gjerne på skikkeleg, dårleg engelsk, humrar han.

– Eit rom utanfor politikken

Christineborg ligg nordaust på Runde, ved inngangen til Goksøyra. Herifrå har han godt utsyn til den ytste garden på Goksøyra, der slekta hans kjem frå. Her er det bygt opp lune uteplassar, og inne blir vi møtt av utstoppa fuglar og dyr saman med historiske gjenstandar frå det maritime Herøy.

Han er glad for at han har dette prosjektet, sjølv om mykje tid går med til å drive politikk. Familien, Runde og Christineborg er med på å skape balanse.

Det handlar om å finne eit rom i livet som ikkje handlar om politikk. Det handlar om å ikkje bli dregen vekk frå det viktigaste, seier han. Og han legg til at han ikkje kjem til å flytte til Oslo om han blir vald inn på Stortinget. Det blir det i så fall hybelliv. Eg skal så avgjort bu heime. Så blir det eventuelt vekependling til Oslo.

Arnulf Goksøyr

Christineborg er både ei reiselivsbedrift og leirskule. Her er det bygt opp lune uteplassar på den verharde øye.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kort veg til Oslo

Det går mot innspurt i valkampen. Meiningsmålingane tyder på at Arnulf Goksøyr så avgjort har ein sjanse til å kome på Storginget. Men han må kjempe om plassen. Dersom han kjem inn kan det godt hende at han kan kome til å arbeide med næringspolitikk, samferdsle eller helse.

Eg kan godt kome til å trivast i næringskomiteen, seier han. Samstundes pratar han meir enn gjerne om både samferdslepolitikk, helsepolitikk og byråkratiet i den offentlege forvaltninga.

Samferdslepolitikk fell ofte naturleg for ein politikar frå distrikta. Og politikarane frå Herøy har lange tradisjonar med å tenkje samferdsle.

– Tenk deg eit Herøy utan bruene. Samferdsleprosjekta har skapt nye moglegheiter, seier han.

Og samferdsleprosjekta har gjort det endå enklare å vere stortingsrepresentant frå Herøy. Oslo er ikkje så langt unna lenger.

– No, med Eiksundsambandet, er vi berre nokre minutt unna flyplassen på Hovden. Og kommunikasjonen til og frå Oslo er langt betre enn før. No handlar det om å knyte Søre Sunnmøre til Ålesundregionen, seier han, og vonar dette kan vere éi av sakene han får arbeide med om han blir vald inn på Stortinget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL