Hopp til innhold

– Det er freistande å bryte kulturminnelova og gå i fengsel

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) i Herøy er i sjokk. Riksantikvaren krev utgravingar for 20 millionar kroner der den nye innfartsvegen til Fosnavåg sentrum skal gå.

Arnulf Goksøyr

Ordførar Arnulf Goksøy er freista til å bryte kulturminnelova og heller ta fengselsstraff. Herøy kommune må ut med 20 millionar kroner til arkeologiske utgravingar.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Arkeologar har funne fleire viktige kulturminne, og fullstendig utgraving av området kjem til å koste 20 millionar kroner. Reguleringsarbeidet på den nye innfartsvegen til Fosnavåg kjem ikkje vidare utan.

I sjokk

– Eg trudde ikkje mine eigne auger då brevet kom. No klør vi oss i hovudet for å finne ut kva vi gjer vidare, seier Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr.

Området det er snakk om, er strekninga frå Myklebust til Fosnavåg sentrum. Altså ei strekning på knapt ein og ein halv kilometer.

Stor vitenskapleg verdi

Arkeologane har funne busetnader frå yngre steinalder eller bronsealder og særleg eitt av funna har svært stor vitskapleg verdi. Desse må sikrast, meiner Riksantikvaren. Det er fylkeskommunen og Herøy kommune, som må betale.

Fengsel

– Det er freistande å bryte kulturminnelova. Av og til kan ein vurdere om ein heller skal ta tre veker i fengsel i staden for å bruke så mykje pengar på utgravingar, seier Goksøyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL