Hopp til innhold

Støtter senter for oljevern

Meiner eit samla fagmiljø i Kristiansund kan effektivisere arbeidet.

Olje forurensning

FAGMILJØ: Kristiansund vil bygge opp eit nasjonalt senter for oljevern. Illustrasjonsfoto.

Foto: Andersen, Wiig Erik / ( Wiig Erik Andersen/NRK)

Arnulf Goksøyr

FAKTA: Ordførar i Herøy Arnulf Goksøyr (H) snakkar av eigen erfaring når han seier at eit nasjonalt senter for oljevern kan gi klarheit i debatten om korleis ein skal reagere når katastrofer skjer.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Med eit slikt senter kan ein samordne kompetansen slik at fagmiljøa ikkje spelar eit spel om kva som er rett og gale, seier ordførar i Herøy Arnulf Goksøyr (H).

Kunne vore unngått

I 1992 fekk Herøy oppleve oljeutslepp på nært hald. Goksøyr har fulgt diskusjonen i etterkant av utsleppet frå lasteskipet Full City utanfor Langesund.

Han meiner den kunne ha vore unngått ved å samla kompetansen på ein stad.

- Då vil fakta i større grad komme til overflata.

Nasjonalt senter

Det er ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap) som har tatt til orde for eit nasjonalt senter for oljeberedskap.

Per Kristian Øyen

SATSAR STORT: No håper ordførar i Kristiansund Per Kristian Øyen (Ap) at miljøvernministeren skal tenne på ideen om eit nasjonalt senter for oljevern på Nordmøre.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

- Vi tenker stort og Kristiansund si plassering er i grunn midt i matfatatet for å seie det slik, seier Øyen.

- Vi meiner beredskapen i Norge gjentatte gonger viser seg å ikkje vere god nok. Norge må ha store depo rundt om i høve utslepp.

Ordføraren meiner at Kristiansund også er ein bra stad å bygge opp eit fagmiljø på grunn av kompetansen innan oljemiljøet i byen.

- Veien videre går til miljøvernminister Solheim for å sjele inn ein tanke der.