Hopp til innhold

Leirskulen på Runde gjenopnar

Nesten eitt år etter drifta vart lagt ned, står nye eigarar klare til å ta imot elevar.

Arnulf og Kjetil Goksøyr

BRØR: Arnulf Goksøyr (t.v.) har kjøpt leirskulen på Runde, og broren Kjetil Goksøyr skal drive den.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Det kan vere det uendelege havet, det kan vere den uendelege himmelen og det kan vere det evigaktuelle fuglefjellet.

Truleg er det kombinasjonen av alt dette som trekkjer folk til den vesle øya langt vest i havet.

Etter haustsesongen 2009 sette Christine og Asbjørn Goksøyr kroken på døra for godt. Då hadde der vore leirskule sidan slutten av 70-talet.

Ordføraren eig skulen

Christineborg

SKULEN: Det skal igjen verte liv i Christineborg.

Foto: Heidi Fagna / NRK

No har nevøen deira kjøpt huset, og han er ingen kven som helst.

- Me tok over huset 1. august, fortel Arnulf Goksøyr.

Herøy-ordføraren har tatt over leirskulen saman med kone og born.

- Eg trur dette huset har den flottaste utsikta i verda. Der er eit nytt lys på himmelen kvar time, og det er fantastisk vakkert, seier Goksøyr.

Fleire tusen elevar skal kome på leir på fugleøya kvart år.

Broren skal drive

Utsikt frå Christineborg

UTSIKT: Denne utsikta kjem mange leirskuleelvar tilbake til.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Det er bror til Arnulf, Kjetil Goksøyr, som skal vere rektor på skulen.

- Eg kjem ikkje til å ha noko med drifta å gjere. Eg kjem til å halde fram med det eg jobbar med i dag, seier Høgre-ordføraren.

- Kan det vere uheldig at ordføraren eig leirskulen?

- Det kan sikkert vere ei uheldig kobling viss nokon gjer det til det. Eg skal jobbe som politikar, men eg skal prøve å halde tunga rett i munnen.

- Reklame for regionen

Kaja Runde

GLAD: Kaja Runde er glad for at det igjen vert liv i leirskulen.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Runde-eldsjel Kaja Runde er svært positiv til ny leirskuledrift.

- Christine og Asbjørn har gjort ein kjempejobb med skulen, og no vert det kjekt å få elevane hit igjen. Dei har vorte ein del av livet på øya, seier ho.

Elevar kjem frå store deler av Sør-Noreg for å vere på leir på Runde.

- Dette er den beste reklamen Runde og regionen kan få. Desse elevane kjem gjerne tilbake seinare, og då har dei med seg familien, seier Kaja Runde.