Vil ha mindre byråkrati

Høgreordførarane i sunnmørsregionen samla seg i dag på Moa for å fremje krav til det som kan bli ei ny høgreregjering.

Høgre-ordførarar og stortingskandidatar

Høgreordførarar og stortingskandidatar frå sunnmørsregionen samla seg i dag på Moa for å fremje krav til det som kan bli ei ny høgreregjering.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Etter to periodar med ei raudgrøn regjering tilseier meiningsmålingane at partileiaren deira kan bli Noregs neste statsminister etter valet om ein månad.

Derfor nyttar høgreordførarar landet over sjansen til å be om mindre byråkrati og meir lokal styring i åra som kjem.

– Det er noko eg verkeleg brenn for. Vi blir til stadigheit stoppa av ting vi ikkje forstår oss på. Eg vil helst at vi skal bruke sunt bondevit, seier Arnulf Goksøyr som er ordførar i Herøy og tredjekandidat til på stortingslista til Høgre.

Enklare byggeløyve

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr (H) er ordførar i Herøy kommune og tredjekandidat i Møre og Romsdal til Stortinget.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Framlegget er del av eit nasjonalt koordinert stunt der høgrepolitikarar over heile landet i dag har kome med ønskjeliste til det som kan bli ei Høgre-styrt regjering. Blant krava frå ordførarane er revisjon av plan- og bygningsloven, reduserte moglegheiter for statlege innvendingar, avvikling av Bufetat, nasjonalt forbod mot tigging og krav om arbeids- og aktivitetsplikt for sosialklientar.

Av 17 kommunar på Sunnmøre er ti Høgre-kommunar. Derfor meiner Høgre-ordførarane at dei har spesielt god dekning for å fremje krav som dei også meiner vil kome innbyggjarane til gode.

Det er spesielt punktet om revisjon av plan- og bygningsloven som ordførarane brenn for.

– Vi veit at plan og bygningslova innstrammar ganske kraftig, det tek lengre tid å regulere eit område og det medførar meirkostnadar for dei som er opptekne av bustadbygging. Vi er særs opptekne av å vurder plan – og bygningslova på ein langt meir effektiv måte, seier Goksøyr.

Behalde eigne inntekter

Punkt to på lista er ein gjennomgang av inntektssystemet for kommunesektoren og at ein større del av selskapskatten blir att i kommunane.

Dette synest ordførar Bjørn Sandnes (H) i Haram kommune er viktig.

Haram er ei næringslivskommune og vi har god nytte av inntektene vi tidlegare fekk frå våre selskap. Høgreordførarane er no opptekne av at denne vil bli tilbakeført.

Mindre innblanding

Vidare vil dei ha mindre innblanding frå fylkesmannen.

– Vi meiner at fylkesmannen skal blande seg mindre inn i den politikken som lokaldemokratiet fører, og vi vil ta vekk nokre av dei statlege myndigheitene som kan stoppe lokaldemokratiet å gjere det vi meiner er best lokalt, oppsummerer Goksøyr.

Tredjekandidaten trur krava til eige parti er fullt oppnåeleg.

– Vi har klare forventningar til at desse krava blir innfridde. Vi meiner at skal du ærleg snakke om lokaldemokrati, så må du ha tillit til dei som er valde av folket i staden for å ha meir tiltru til byråkratiet enn dei folkevalde, seier han.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.