Hopp til innhold

Her står alle fengselscellene tomme

Alle dei 27 cellene i Ålesund fengsel står tomme, ettersom dei innsette er flytta til andre fengsel.

Atle Malmedal

Ingen dører er låst i Ålesund fengsel for tida. Det er uvant for fengselsførstebetjent Atle Malmedal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sprinklaranlegg

Branntryggleiken i fengselet er altfor dårleg. No skal alle celler få sprinklaranlegg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dørene inn til fengselscellene i Ålesund står på vidt gap. Tomme senger utan madrassar vitnar om at ingen bur her.

Den siste fangen forlét Ålesund fengsel tysdag. Grunnen er at branntryggleiken ved fengselet, frå 1907, er så dårleg at noko måtte gjerast. No skal alle celler og rom få sprinklarlanlegg som kan sløkke brann automatisk.

– Folk er trass alt innelåst her og då må branntryggleiken vere god, seier fengselsførstebetjent Atle Malmedal.

Han går med det store nøkkelknippa festa på buksa, og det er uvant å ikkje måtte låse kvar ei dør slik rutinane vanlegvis er i fengselet.

Ålesund fengsel

27 innsette har blitt flytta rundt om i heile landet til andre fengsel, medan arbeidet går føre seg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Krevjande å finne plassar

Å finne nye soningsstader til 27 innsette har vore ein krevjande jobb. Det er mangel på fengselsplassar og dei som sona i Ålesund har blitt transportert rundt om i heile landet.

– Ingen vart lauslaten før tida, så det er ingen som slapp billeg unna fordi vi skulle renovere fengselet, seier Malmedal.

Det er Justisdepartementet som har gitt klarsignal om å stenge fengselet i to månader. Er ikkje jobben gjort innan den tid, må den halde fram med innsette som flyttar inn att.

Planlegg nytt fengsel

Sprinklaranlegget og nye radiatorar kostar ni millionar kroner. Malmedal meiner det er vel investerte pengar, sjølv om fengselet er gamalt og diskusjonane om nytt går føre seg.

– Vi drøymer om nytt fengsel, men det kan fort ta både 10 og 15 år før det skjer. Vi kan ikkje måle branntryggleik i pengar, seier Malmedal.

Over heile fengselet er det stillas og høglydt byggearbeid. Sjølv om fengsle ikkje er busett, er det folk som jobbar nattevakt og held branntilsyn. Enkelte synest det kan vere skremmande. I alle år har det nemleg godt rykte om at det går att folk her.

– Eg er ikkje den som er mest overtruisk, men det gjenstår å sjå om vi vert kjent med dei i byggeperioden.

Ålesund fengsel

Ålesund fengsel er frå 1907. Debatten om nytt fengsel går føre seg, men kan ligge mange år fram i tid.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK