Hopp til innhold

Tidlegare lege frikjend for å ha massert brystvortene til pasient

Pasienten kom gråtande ut frå legekontoret og seier ho spydde då ho kom heim. Legen nektar for at det skjedde noko gale, og blei trudd i retten.

Rettssak i Molde

Både pasienten og den tidlegare legen gret då dei forklarte seg i rettssaka i Møre og Romsdal nyleg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den unge pasienten forklarte nyleg i retten at behandlinga hos legen blei heilt annleis enn ho hadde venta. Ifølgje henne skal konsultasjonen ha utvikla seg til eit overgrep der ho hevda ho blei massert på brystvortene av den langt eldre legen.

Men no er legen frikjend og slepp også å betale erstatning.

Retten meiner «hans forklaring er minst like sansynleg som pasienten si», leste dommaren opp måndag morgon.

Mellom anna blir det vist til ei melding som den unge jenta sende til venninna si, som sto utanfor og venta:

Pasienten:Du kan bare stå her oppe ved inngangen

sa han legen :-)

Han skal bare skrive legeærklæring til meg

hahaha

Meldinga blei sendt rett etter at jenta skal ha blitt utsett for det ho hevda var grove overgrep.

«Retten finner formen på meldingen vanskelig å forene med nettopp dette faktum» heiter det i dommen.

– Eg synest dommen var litt overraskande. Fornærma har forklart i retten kva ho opplevde på legevakta og ho står fast ved at det var det som skjedde, seier Astrid Bolstad, som er bistandsadvokat for den unge pasienten.

Advokatane til den tidlegare legen, Alexander Schimmelpfennig Nygaard og Synne Bernhard, ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

Rettssak i Molde

Alexander Schimmelpfennig Nygaard i retten. Han er forsvarar for den tidlegare legen, saman med Synne Bernhard.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gret då han blei frifunnen

Det var eit stygt fall på handballtreninga som gjorde at den unge pasienten ba om hjelp. Ho mistenkte at ribbeinet var brote, og bad om bli undersøkt av den ukjende legen.

Påtalemakta meiner den tidlegare legen gjennomførte undersøkinga på ein slik måte at han braut både Helsepersonellova § 67, jmf § 4 og Straffelova § 297. Dette synet deler ikkje Møre og Romdal tingrett.

Retten har vurdert legen si forklaring som truverdig. Møre og Romsdal tingrett ser ikkje bort frå at jenta kan ha bedt om ei brystundersøking, og at slurv kan ha ført til at legen ikkje journalførte dette, slik han skulle ha gjort..

Måndag morgon blei dommen lesen opp i Møre og Romsdal tingrett. Den tidlegare legen møtte svartkledd og tok til tårene då dommaren las opp kva dei er komne fram til.

Forsvarar Alexander Schimmelpfennig Nygaard bad sist veke om at den tidlegare legen blei frifunnen, medan politiadvokat Anders Skorpen-Trøen meinte at han må straffast.

– Påtalemakta tek til etterretning at retten har ei anna vurdering av bevisa enn det påtalemakta har hatt. No er det ein grundig dom som vi skal gå nøye gjennom, og så får vi vurdere om det er grunnlag for anke eller ikkje, seier Skorpen-Trøen.

Rettssak i Molde

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen bad om fengsel på vilkår i 45 dagar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha lata som ho svima av

Den unge kvinna fortalde i tingretten nyleg at ho fekk panikk då legetimen utvikla seg annleis enn ho hadde tenkt. For å få legen til å slutte, skal ho ha lata ho som om ho svima av.

NRK publiserte nyleg ei omfattande kartlegging som viste at 65 legar har mist eller gitt frå seg autorisasjonen dei siste 20 åra på grunn av seksuell grenseoverskridande åtferd. Den tidlegare legen frå Møre og Romsdal er ein av dei.

Helsetilsynet har tatt autorisasjonen

Statens helsetilsyn bestemte seg hausten 2022 for å ta frå han autorisasjonen, dermed kan han ikkje lenger arbeide som lege.

Den tidlegare legen fortalde i retten sist veke at livet har falle i grus. Han held fast på at han ikkje har gjort noko gale, og vedgjekk ikkje straffskuld. I fjor haust gjekk han til sak mot staten for å få tilbake autorisasjonen, men tapte i Oslo tingrett.

No er han frikjend i straffesaka i Møre og Romsdal tingrett. Det er to vekers ankefrist og dommen er difor ikkje rettskraftig endå.