Hopp til innhold

Helseplattforma: – Lokal analyse skal leggast til grunn

Direktøren i Helse Midt-Noreg, Stig Slørdahl avviser at den regionale leiinga kjem til å sjå bort frå risikoanalysen som Helse Møre og Romsdal utarbeider i samband med ei eventuell innføring av Helseplattforma ved sjukehusa i fylket.

– Vi forheld oss til risikoanalysen som til ei kvar tid ligg føre frå Helse Møre og Romsdal, skriv direktør Stig Slørdahl i ei pressemelding.

Det var i eit brev frå legeforeiningane ved sjukehusa at det blei hevda at det regionale helseføretaket ville setje til side ein risikoanalyse frå Møre og Romsdal og erstatte denne med ein regional analyse.

I pressemeldinga skriv Slørdahl at dette ikkje er sant.

– Helse Midt-Noreg RHF har ikkje ein eigen risikoanalyse knytt til pasienttryggleik for innføringa av Helseplattforma, skriv Slørdahl.

Stig A. Slørdahl
Foto: Bent Lindsetmo / NRK