NRK Meny
Normal

«Vannvittig» innsamlingsprosjekt

Det som starta som ein idé i fjor utvikla seg til å bli eit satsingsprosjekt i samband med årets TV- aksjon. I dag gjekk startskotet for eit «vannvittig» prosjekt i Ørsta.

Kirkens Nødhjelp kickoff

INNSAMLING: I dag gjekk startskotet for samarbeidet mellom Coop Vest og Olden for å samle inn pengar til årets innsamlingsaksjon.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Kringkastingssjefen bestemte tidlegare i år at TV-aksjonen i NRK for 2014 skulle gå til Kirkens Nødhjelp. Organisasjonen søkte om midlar til arbeidet for å sikre tilgang til reint vatn og trygge sanitære forhold i fleire land i Afrika og Asia.

Med slagordet «Vatn forandrar alt», er målet til Kirkens Nødhjelp å skaffe reint drikkevatn til ein million menneske fordelt på åtte ulike land. Årets TV-aksjon går av stabelen 19. oktober i år.

Storsatsing på sal av vatn

Over heile landet finst det no ulike aktivitetar og arrangement for å samle inn pengar til TV-aksjonen. I Ørsta har det oppstått ein innsamlingsidé som no har blitt til ei storsatsing på Vestlandet.

Kirkens Nødhjelp kickoff

BUTIKKRÅD: Butikkrådet, ved Hjørdis Almelid Vikenes i midten er initiativtakarane bak satsinga.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Vi har overflod av reint drikkevatn i Noreg, i tillegg har vi gode vassprodusentar her lokalt. Så då tenkte vi at det kanskje var mogleg å alliere oss med dei, fortel Hjørdis Almelid Vikenes i butikkrådet til Coop Extra Ørsta.

Det er ho som står bak tanken som har ført til at totalt 72 butikkar i Coop Vest deltek på eit vassprosjekt saman med drikkevareprodusenten Olden. Alt for å samle inn pengar til årets TV-aksjonen.

Med vatn i glasa skåla dei frammøtte i dag for startskotet på innsamlingsprosjektet. Ein idé som oppstod etter at butikkrådet bidrog til å samle inn pengar til fjorårets aksjon.

– Vi tykkjer det er kjekt å kunne engasjere lokalt og samtidig samle inn nasjonalt, seier Vikenes.

Hjelpe kvarandre

Butikksjef i Coop Ørsta, Ann- Charlotte Amundgard Sørheim tok forslaget vidare opp i systemet, og Coop Vest likte ideen så godt at dei valde å satse på den under årets innsamling. I samarbeid med Olden vil dei selje flaskevatn der to kroner per liter vil gå uavkorta til TV-aksjonen.

– Vi håpar det blir ein «vannvittig» stor suksess, seier Vikenes lattermildt.

Vikenes påpeikar likevel at det ikkje ligg ein økonomisk baktanke bak innsamlingsideen, og at butikken tener mindre på salet av vassflaskene no enn om dei hadde selt dei til vanleg pris.

Kirkens Nødhjelp

Slagordet for årets TV-aksjon er «Vatn forandrar alt».

Foto: Silje Bjerknes / nrk

For dei har det vore viktig å engasjere seg for å hjelpe andre som ikkje har det like godt som oss her i Noreg.

– Vi lever i eit internasjonalt samfunn, og må difor tenke globalt og dele dei goda vi har. Det er også ein del av den kooperative tankegongen som samvirkelaget tradisjonelt har hatt der ein skal stå saman og hjelpe kvarandre, fortel ho.

Les fleire saker på våre nettsider: wwww.nrk.no/mr

Reint vatn reddar liv

Ifølgje Kirkens Nødhjelp kan 200 kroner gi reint vatn til eitt menneske resten av livet. Med dette meinast drikkevatn, vatn til matlaging, klesvask og dagleg hygiene.

Bente Hjertenæs i Kirkens Nødhjelp Møre og Romsdal fortel at vatn er eit av satsingsområda til organisasjonen, og i meir enn 30 år har dei utvikla lokale løysingar gjennom bygging av brønnar, vasspumper, reinseanlegg og sanitæranlegg. Ho meiner tilgang til reint vatn er viktig på fleire måtar.

Bente Hjertenæs

VIKTIG: Bente Hjertenæs i Kirkens Nødhjelp fortel at tilgang til reint vatn kan redde liv på fleire måtar.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Kvart niande menneske i verda manglar reint vatn. Tilgangen til vatn forandrar alt, og det handlar om å redde liv på fleire måtar enn «berre» å sløkke tørsten, seier Hjertenæs.

Vidare fortel ho at tilgangen til reint vatn også kan bidra til å hindre konflikt og sjukdom, betre helse og hygiene og gi kvinner og barn ein større sjanse for å utdanne seg og jobbe seg ut av fattigdomen.

Det er ofte kvinnene eller barna si oppgåve å hente vatn til resten av familien. Heilt frå dei er små må dei gå lange avstandar til næraste brønn for å finne reint vatn.

– Den tida dei brukar på å hente vatn gjer at dei ikkje får tid til leik, skule eller utdanning. I tillegg kan vegen til brønnane vere utrygge og prega av konflikt, forklarar Hjertenæs.

Tilgangen til reint vatn handlar også om helse, og å hindre smitte gjennom ureint vatn. Å hente vatn i opne kjelder fører ofte til sjukdom.

Tal frå Kirkens Nødhjelp viser at om lag 4100 barn dør kvar dag på grunn av diaré. I tillegg drep feilernæring, skittent vatn, manglande tilgang på toalett, sanitære fasilitetar og hygiene 2350 personar kvar dag.

Vatn for framtida

No håpar ho flest mogleg melder seg for å vere bøsseberar den 19. oktober. I tillegg meiner ho det er viktig å huske at ein kan bidra til innsamlingsaksjonen allereie no.

– 19. oktober er den siste dagen til innsamlingsaksjonen. Det er no folk må mobilisere og finne på artige måtar å samle inn pengar på. Så blir det kjempebra, seier ei tydeleg engasjert Hjertenæs.

780 millionar menneske verda over har ikkje tilgang på rent vann. Målsetjinga til Kirkens Nødhjelp er å forandre dette i åtte land i løpet av ein femårsperiode. Desse landa er:

  • Sudan: 300.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Etiopia: 180.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Somalia: 160.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Afghanistan: 100.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Sør-Sudan: 100.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Pakistan: 78.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Tanzania: 50.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.
  • Haiti: 50.000 menneske skal få varig tilgang på reint vatn.