NRK Meny
Normal

Trur på ny finansieringsordning

Den maritime næringa trur ei ny finansieringsordning for verfta vil gi hjelp i ei vanskeleg tid. Maritimt Forum Nordvest er glad for initiativet frå regjeringa.

– Dess betre finansieringsordning verfta har, dess betre er konkurransekrafta. Så dette vil hjelpe næringa i ei vanskeleg tid.

Det seier leiar for Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd.

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd er leiar av Maritimt Forum Nordvest.

Foto: Trond Vestre / NRK

Regjeringa vil gjere det meir attraktivt for reiarlag å bygge skipa sine ved verft i Noreg ved at verfta får lettare tilgang på finansiering.

Skal vurdere risikoen i kvar enkelt prosjekt

Til no har det vore eit krav at kjøparen må betale 20 prosent av kontraktsummen i løpet av byggeperioden for å få lånegaranti. Dei nye reglane inneber at kjøparen i enkelte tilfelle kan betale ein mindre sum.

Ingjerd trur fleire skip dermed kan bli bygde i Noreg.

– Vi veit at det ikkje er alle kundar som har hatt råd til å betale den summen det har vore stilt krav om under byggeperioden. Når det no er opning for at denne delen kan bli lågare, opnar det opp for at fleire skip kan bli bygde her til lands.

Dei nye reglane gjeld for eksport- og offshorefartøy. Det er Garantiinstituttet for Eksportkreditt som skal vurdere risikoen i kvar enkelt prosjekt og dermed gi løyve til finansiering.