Hopp til innhold

– Stemninga er tung i gangane hos Rolls-Royce

Alle avdelingar i Rolls-Royce i Møre og Romsdal blir ramma av kutt i denne runden, seier kommunikasjonsdirektøren i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk.

NRK i Ålesund

Rolls-Royce, med avdelingar i Bergen, Brattvåg, Hareid, Hjørungavåg og Ulsteinvik, varsla torsdag at 190 tilsette må gå innan året er omme. 52 av dei som jobbar NMK-bygget i Ålesund mister jobben.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Annette Bonnevie Wollebæk

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk.

Foto: Lena Høyberg / NRK

På fleire allmøter i dag fekk dei tilsette vite kvar oppseiingane rammar. Dei tilsette tar det tungt. I alt må 173 tilsette på Sunnmøre gå.

– Vi gjer det vi kan for å kunne fortsette å leve, seier Wollebæk.

– Det er ingen god dag, og heller ikkje eit godt år for oss. Stemninga er tung i gangane, legg ho til.

I mai annonserte selskapet at dei hadde behov for å nedbemanne med 600 stillingar i Marinedivisjonen – der 325 av dei skulle bli kutta i Noreg. Kuttet blir ikkje like stort som venta.

Her forsvinn jobbane

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk

Wollebæk fortel at dei må tilpasse kostnadane sine til marknaden.

Foto: Lena Høyberg / NRK

100 vert sagt opp i utgangen av juni, og dei fleste med oppseiingstid på tre månader. 90 fleire må gå innan året er omme. Wollebæk forklarer at dei er tungt inne i nedgangstidene – og det gjeld nesten alle selskapa i den maritime næringa.

– Vi må tilpasse kostnadane våre til realiteten og sørge for at vi er der når marknaden snur, seier kommunikasjonsdirektøren.

– I dag har vi informert dei tilsette om at vi kjem til å redusere med 190 stillingar innan utgangen av juni. Av dei er rundt 90 naturleg avgang, og resten blir oppsagt, forklarer kommunikasjonsdirektøren.

Tilsette ved Rolls Royce i Brattvåg

Dei tilsette ved Rolls-Royce i Brattvåg på allmøte på Ingebrigt Davik-huset.

Foto: Brede Røsjø / NRK

I Haram, med avdelingane Longva og Brattvåg må 70 personar gå. Dei tilsette, som har kontor i NMK-bygget i Ålesund, vert kutta med 52 stillingar og avdelingane på Hareidlandet blir nedbemanna med 51. Dei tre avdelingane i Bergen mister 17 stillingar.

Låg ordretilgang

Av dei rundt 2300 tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg, jobbar ca. 2000 av desse på Sunnmøre. På grunn av låg ordretilgang vart det i mai kjent at selskapet måtte nedbemanne. 2016 ser heller ikkje ut som eit lyst år for den maritime næringa.

– 2016 ser ikkje ut som eit lystig år så langt, skal vi tru ekspertane. Men vi håper på betring, seier Wollebæk.

Tillitsvald ved Rolls-Royce på Longva i Haram, Bjørn Kåre Høistad, seier at alle dei 15 som jobbar i deira avdeling har vore nervøse lenge.

– Heilt sidan det blei klart at Rolls-Royce skulle nedbemanne, også i produksjonen, har folk vore urolege. Vi har eigentleg ikkje råd til å miste ein einaste person. Samfunnet på Longva er sårbart, og 15 arbeidsplassar er mange for oss, seier Høistad.

Rolls-Royce Marine

Rolls-Royce har seks avdelingar på Sunnmøre og tre i Hordaland. Biletet er frå Rolls-Royce Brattvåg.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Fram til i dag har dei tilsette ikkje fått vite kor mange som må gå på dei ulike avdelingane. Det einaste som har vore sikkert, er at ingeniørar og administrativt personell er dei første som må gå.

Rolls-Royce har seks avdelingar på Sunnmøre og tre i Hordaland.