Hopp til innhold

– Lukketreff at det var mobildekning i området

Ordførar Arne Sandnes i Norddal fryktar at det kan skje nye ulukker på vegane i Valldal. Han er svært kritisk til at deler av den nasjonale turistvegen ned frå Trollstigen manglar mobildekning.

Arne Sandnes

Ordførar Arne Sandnes i Norddal trur det var avgjerande at det var mobildekning på staden der ulukka skjedde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein mann miste livet og fjorten personar er sende til sjukehus etter at ein buss råka ein bil og køyrde av vegen i Valldal på Sunnmøre laurdag ettermiddag.

Ordføraren fortel at han har vore budd på at ei slik ulukke kunne skje.

– Med den trafikken som er på denne vegen, med sjåførar som har lite erfaring med norske vegar, så er det stor fare for at noko slikt kan skje, seier Sandnes.

Les også:

Manglar mobildekning

Sandnes fortel at kommunen seinast på eit beredskapsmøte i vår diskuterte eit scenario med ei ulukke med ein turistbuss.

– Dette viser at me må ha ein svært høg beredskap, og eg er bekymra for om den beredskapen er god nok, seier Sandnes.

Han er spesielt kritisk til at det fleire stader er manglande mobildekning på den sterkt trafikkerte strekninga mellom Trollstigen og Valldal. Strekninga er ein del av den nasjonale turistvegen Geiranger-Trollstigen, og går gjennom UNESCOs verdsarvområde «Vestnorsk fjordlandskap».

– Heldigvis var det mobildekning i området der ulukka skjedde. Dersom dette hadde skjedd lenger oppe i dalen, så kunne dette gått endå verre, seier Sandnes.

Helikopter bussulykke Valldal

Ein mann miste livet og fjorten menneske vart frakta til sjukehus med skader etter ulukka fredag ettermiddag.

Foto: Rune Hustad / NRK

– Ikkje pengar

Sandnes fortel at han tok opp saka om mobildekning med styresmaktene i Samferdselsdepartementet før sommaren, men fekk beskjed om at det ikkje fanst pengar til å byggje ut dekninga no.

– Denne vegen er nasjonal turistveg, og går gjennom eit verdsarvområde. Eg håper no at mobildekninga kjem på plass til neste turistsesong, noko anna kan me ikkje akseptere, seier ordføraren.

LES OGSÅ:

Trollstigen

Fleire stader på vegen mellom Valldal og Trollstigplatået manglar mobildekning.

Foto: Jarle Wæhler, Turistveg

Pårørande varsla

Fjorten menneske er sende til sjukehusa i Ålesund og Molde etter ulukka laurdag ettermiddag. Den ukrainske ambassadøren er saman med konsulen søndag komne til Ålesund sjukehus, der dei er i kontakt med dei skadde som er lagde inn der.

Konsulen opplyser til NRK at dei no har lukkast i å få kontakt med familien til den mannlege busspassasjeren som omkom.

Passasjerane i bussen var turistar på gruppereise frå Ukraina.