Hopp til innhold

Bussen trefte bil før utforkøyringa

Bussen og personbilen som var involverte i ulukka i Valldal i går der ein person miste livet, skal ha vore borti kvarandre før bussen køyrde utfor vegen.

Velta buss ulukke Valldal

Ein mann er stadfesta omkomen etter at ein utanlandsk turistbuss køyrde av vegen i Valldal på Sunnmøre.

Foto: Rune Hustad / NRK

Det opplyser operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.

Mann omkomen

Reite opplyser at den omkomne er ein mann, men vil ikkje seie noko om alder og nasjonalitet. Årsaka til det er at politiet enno ikkje har fått stadfesta at offeret sin familie er orientert.

– Det er språkutfordringar knytt til dette, men me har ein god dialog med ambassaden i landet mannen kjem frå, seier Reite.

Helse Møre og Romsdal opplyser i ei pressemelding at ei kvinne i 20-åra og ei kvinne i 60-åra er innlagt med moderate skader ved Molde sjukehus. Ved Ålesund sjukehus er det ein pasient som er alvorleg skadd. Totalt er fjorten menneske frakta til sjukehus etter ulukka.

Les også:

Trefte bil før utforkøyringa

Reite opplyser også at personbilen og bussen som var innblanda i ulukka i Valldal laurdag, skal ha sneia borti kvarandre før bussen kom over i motsett køyrefelt og køyrde av vegen.

– No går vi over i ein fase med taktisk og teknisk etterforsking, og staben vil møtest klokka 11 i dag for å starte det vidare arbeidet, opplyser Reite.

Reite seier dei ikkje har opplysningar om passasjerane i bussen brukte setebelte eller ikkje. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, verken frå bussjåføren eller frå bilføraren si side.

Det var like etter klokka 16 i går at politiet fekk melding om at ein turistbuss frå Ukraina hadde køyrt av vegen ved Grønning i Valldal. 41 personar var i bussen då den køyrde av vegen. Ein person er stadfesta omkomen, og fjorten er frakta til sjukehus med skader.

- Avbalansert stemning

Per Magnus Berdal er fungerande ordførar og kriseleiar i Norddal kommune. Han var til stades på krisemottaket, som vart oppretta ved Valldal skule i går. Han opplyser at tjue av passasjerane frå bussen har vorte innlosjerte på behandlingssenteret Muritunet i Valldal.

Per Magnus Verdal

Per Magnus Berdal er kriseleiar i kommunen og har vore til stades på krisemottaket i løpet av kvelden og natta.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Stemninga her er avbalansert. Passasjerane har no fått seg frukost, og dei har vorte sjekka av lege. Me har fått hjelp frå folk som bur i kommunen, som snakkar russisk og ukrainsk. Det er også blitt organisert slik at dei som har pårørande som ligg på sjukehus har kome i kontakt med dei, fortel Berdal.

Han opplyser at folk frå den ukrainske ambassaden er på veg til Ålesund.

– No avventar vi beskjed frå politiet om kva som skal skje med dei som er innlosjerte her.

Bussen fjerna

Ulukkesbussen har vorte taua vekk frå ulukkesstaden i løpet av natta. Statens vegvesen opplyser også at fylkesveg 63 mellom Grønning og Trollstigen no er opna att og at trafikken går normalt.

Området der bussen køyrde utfor vegen ligg i nærleiken av Trollstigen og Gudbrandsjuvet, og er eit svært populært turistmål med mykje trafikk i sommarmånadene.