Hopp til innhold

– Oppgitt over dårleg mobildekning i fjellet

Det er framleis vanskeleg å bruke mobiltelefonen i område rundt eitt av landets meste besøkte turistmål. Dårleg mobildekning ved Trollstigen har vore eit problem i årevis, og enno veit ingen når det kjem ei løysing.

Trollstigen

Det er her på strekninga mellom Trollstigplatået og Valldal at mobilproblema er størst. 11 kilometer er utan mobilsamband.

Foto: Alvik, Halvard / NTB scanpix

Området kring Trollstigen er berre eitt av ei rekkje fjellparti i Noreg med dårleg mobildekning. Dette området har til ei viss grad vinterturistar. Den store tilstrøyminga av turistar kjem sommarstid, når Trollstigvegen er opna.

Ben Peilen

Ben Peilen er turist i området ved Trollstigen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Får du ei ulukke her vert det problem. I Noreg burde ein få mobilsamband dei aller fleste stadene. Eg er overraska over dette, seier den nederlandske turisten Ben Peilen.

Mast for naudnett i området

Turistane er for lengst på plass på den nasjonale turistvegen Trollstigen. Årleg besøkjer rundt 800 tusen turistar dette området. Vegen går mellom Romsdalen og Valldal, og ligg på ei naturleg turistrute mellom Geiranger og Åndalsnes. Det er særleg på Valldalsida at mobildekninga er fråverande.

Rune Vågnes

Rune Vågnes er turist i området ved Trollstigen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dette er veldig rart. Eg såg der er ei mast av eit slag opp på fjellet der oppe, seier bilturist Rune Vågnes, og peikar på masta for det nye naudnettet. Han meiner det burde vere fullt mogleg å få til ei kombinert løysing mellom mobilnett og naudnett.

– Må finne anna form for straum

Masta for naudnett får straum frå solcellepanel og frå dieselaggregat. Til no har ikkje denne masta blitt teken i bruk for vanleg mobiltelefoni. Dermed står 11 kilometer av Trollstigvegen utan mobilsamband.

Bjørn Amundsen, Telenor

Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette handlar ikkje berre om pengar. Det handlar også om miljø. Vi har ikkje lyst til å basere eit anlegg midt i ein nasjonalpark på å måtte flyge inn med helikopter mange gonger i året for å fylle diesel på store aggregat. Her må vi finne ei anna form for kraft om dette skal vere aktuelt, seier dekningssjef i Telenor, Bjørn Amundsen.

– Kjempa i mange år

Ordførar i Norddal, Arne Sandnes kjøper ikkje heilt denne argumentasjonen. Han er oppgitt over at det ikkje har kome ei løysing på problemet.

Arne Sandnes

Arne Sandnes er ordførar i Norddal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dette har vi kjempa med i mange år. Vi har argumentert med at det er uforsvarleg å ikkje ha mobildekning i dette området, seier Sandnes.

Sandnes fryktar alvorlege ulukker i området, og seier det er berre hell at det ikkje har skjedd til no. Direktoratet for naudkommunikasjon opplyser at dei er i dialog med Telenor om saka. Eit forslag til løysing skal kunne ligge føre ganske snart. Men ingen kan seie når løysinga er på plass.

– Dette er alt for dårleg. I Noreg i 2016, seier Rune Vågnes.

Trollstigen

Trollstigen er ein av dei nasjonale turistvegane i Noreg.

Foto: Løvland, Marianne / NTB scanpix
Slik så det ut på Trollstigen mandag 25. april. Brøytinga er godt i gang etter en vinter med normale snøforhold for området.