Hopp til innhold

26 turistar i hus på krisemottak etter dødsulykka

Fleire av dei 26 søreuropeiske turistane som laurdag ettermiddag kom til krisemottaket på Valldal skule skal ha hatt skadar etter den alvorlege bussulykka laurdag ettermiddag.

Ulykke Valldal 2
Foto: Rune Hustad / NRK

Ein person er omkomen og to alvorleg skadde etter at ein utanlandsk turistbuss har køyrt av vegen i Valldal i Møre og Romsdal.

– Dei har no sett seg ned på eit rom for seg sjølve, og får ro, mat og vatn. Her er ganske mange legar, sjukepleiarar og andre, seier fung. rådmann Helge Svendsvik.

Han seier han ikkje har registrert barn ombord i bussen.

Prest, politi og bygdefolk

Han seier også presten er på staden, saman med politiet, som er i gang med å registrere dei utanlandske turistane. Ein tolk skal også vere på plass.

Politiet ba raskt kommunen opprette eit krisemottak.

Ifølgje rådmannen har mange bygdefolk tatt kontakt for å tilby hjelp, men det er ikkje nødvendig.

– Vi har rikeleg med profesjonelle her no, seier han.

Blir innlosjerte i Valldal i kveld

Til stades på krisesenteret er også fungerande ordførar i Valldal, Per Magnus Berdal. Han deltok også i redningsarbeidet som medlem av brannkorpset i Valldal.

– No jobbar vi med å få innlosjert dei som var i bussen rundt om i Valldal i kveld, fortel Berdal.

No i kveld stadfestar også politiet at ein personbil var involvert i ulukka. Dei som var i bilen, i tillegg til dei som kom først til åstaden, er tekne i mot på krisemottaket.

Berdal fortel om delvis kaos då brannvesenet i Valldal kom til åstaden.

– Men det var ingen som hadde panikk, og passasjerane vart raskt samla. Det var to stykke som var fastklemte i bussen, og dei fekk vi i brannvesenet ut på ein god måte, fortel Berdal.

Per Magnus Verdal

Fungerande ordførar og kriseleiar Per Magnus Berdal var med på redningsaksjonen som medlem i brannvesenet i Valldal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Har øvd på scenarioet mange gongar

Bussen var på veg frå Trollstigen mot Valldal, eit turistmål som svært mange besøkjande vil ha med seg kvart år. Buss etter buss køyrer dagleg den krokete vegen ned Trollstigen, men aldri før har det vore ei så alvorleg ulykke i Valldal.

Eg kan ikkje huske noko liknande, men kommunen har øvd på dette mange gongar, seier Svendsvik.

Ein person er omkomen og to alvorleg skadde etter at ein utanlandsk turistbuss har køyrt av vegen i Valldal i Møre og Romsdal.

Kommunen i aksjon

Valldal skule ligg omlag halvanna mil frå ulykkesstaden. Der blir det no oppretta krisemottak.

– Eg driv no og samlar i hop folk og får oversikt, sa beredskapsanvarleg i Norddal kommune, Aud Lindis Ødegård tidlegare laurdag ettermiddag.

Karl Jostein Rødset driv Elvebakken camping i Valldal, som ligg like ved skulen.

– Akkurat no er dei første ambulansene komne fram til skulen, fortel Rødset i 18.30-tida.

NRK har også vore i kontakt med helsepersonell som er på ferie i Valldal, som har blitt kalla inn for å bistå ved krisemottaket.

Les også:

Buss ved krisemottak Valldal skule

Passasjerane i ulykkesbussen vart frakta til Valldal skule, der det er oppretta krisemottak.

Foto: Storfjordnytt

Brannvesen frå tre stader

Mannskap frå brannvesenet både på Åndalsnes, Ålesund og Valldal er involvert i storulykka.

Bussen med austeuropeiske turistar var på veg ned frå Trollstigen mot Valldal sentrum då ulukka skjedde.

Politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd.

Bussvelt i Valldal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL