NRK Meny
Normal

– Å skifte rådmann midt oppe i situasjonen er ikkje ideelt

Det seier Stranda-rådmann Ann Kristin Langeland, som no har sagt opp stillinga si i kommunen.

Stranda kommunestyre

Kommunestyret i Stranda må finne seg ny rådmann.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det blei i går kjent at Stranda-rådmann Ann Kristin Langeland hadde sagt opp stillinga si.

– Det er av og til naturleg å tenkje at ein skal gjere andre ting i livet.

– Og eg var komen til stadiet der eg ville sjå på andre moglegheiter, sa Langeland til NRK.no seint torsdag kveld.

Ann Kristin Langeland

Ann Kristin Langeland har sagt opp stillinga si som rådmann i Stranda kommune.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

– Krevjande periode

Stranda kommune er inne i kanskje den tøffaste perioden i historia. Økonomien er elendig, med 50 millionar manglande for 2012 og gjeld på 890 millionar.

Langeland er klar over at ho forlet ein kommune i alvorleg krise. Likevel er ho klar på at dette ikkje er grunnen for at ho sa opp stillinga.

– Stranda kommune er inne i ei krevjande periode. Og det er klart at det å skifte rådmann midt oppe i situasjonen ikkje er ideelt. Men no har eg éin gang valt å seie opp.

Ho fortel at folk i kommunen ikkje er overraska.

– Folk er ikkje veldig overraska over at eg seier opp. Eg har signalisert tidlegare òg at seg ser andre moglegheiter rundt meg, seier Langeland.

Ho tok til på stillinga som rådmann i Stranda kommune hausten 2010. I desember same året søkte ho på rådmannsjobben i Ørsta kommune, men valde å trekkje søknaden trass i eit klart favorittstempel.

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

Anne-Britt Øen Nygård (Sp) er ordførar i Hornindal kommune. Stranda-rådmannen er éin av åtte søkjarar til rådmannsstillinga i Hornindal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kan bli rådmann i Hornindal

Det er frå før kjent at ho er éin av søkjarane til stillinga som rådmann i Hornindal kommune.

– Er dette grunnen til at du har sagt opp i Stranda kommune?

– Grunnen til at eg seier opp i Stranda kommune er at eg ønskjer eit skifte for kvar eg skal vidare i livet.

– Vil du halde fram som rådmann?

– Eg synest det er spennande å vere rådmann, så eg er ikkje framand for den tanken.

– Har du fått nokre signal frå Hornindal kommune om at det blir ditt neste stopp i livet?

– Eg har ein spennande og god dialog med Hornindal kommune, avsluttar Langeland.

Den nye rådmannen i Hornindal skal gå inn i stillinga frå januar 2013. Søknadsfristen var 19. november.