Normal

Stranda-rådmannen har sagt opp

Rådmann i Stranda kommune, Ann Kristin Langeland, har sagt opp stillinga si i Stranda kommune.

Ann Kristin Langeland

Ann Kristin Langeland er éin av søkjarane på rådmannsstillinga i Hornindal kommune.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Det skriv avisa Sunnmøringen.

Midt i den svært omfattande budsjettprosessen i Stranda kommune har rådmann Ann Kristin Langeland sagt opp stillinga si.

Stranda manglar 50 millionar kroner for å få årets budsjett i balanse. Frå før har dei ei gjeld på 890 millionar kroner.

Har søkt i Hornindal

– Eg stadfestar at eg har sagt opp stillinga i Stranda kommune, seier Langeland til Sunnmøringen.

Ho ønskjer ikkje å kommentere kvar hennar neste jobb blir, eller kva yrkesveg ho vel.

Likevel er det kjent at Langeland er éin av søkjarane på den ledige rådmannsstillinga i Hornindal kommune.

Langeland starta som rådmann i Stranda kommune hausten 2010. I desember 2010 søkte ho på rådmannsjobben i Ørsta kommune, men valde å trekkje søknaden trass i eit klart favorittstempel.