Hopp til innhold

– Ingen andre kommunar i landet er vanskelegare stilt enn Stranda

Kommunaldepartementet fylgjer nøye med den økonomiske situasjonen i Stranda. Men dei vil ikkje gripe inn, for det er lokalpolitikarane sjølve som må rydde opp.

Stranda Rådhus

Per i dag er det ingen andre kommunar i landet som er verre økonomisk stilt enn Stranda, i fylgje Kommunaldepartementet.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Stranda kommune er i ei økonomisk krise, med 890 millionar kroner i lånegjeld og 30 millionar kroner i underskot. Gjelda er fire gongar meir per innbyggjar enn gjennomsnittet for dei andre kommunane i Møre og Romsdal.

Kommunaldepartementet er fullt klar over situasjonen og noko overraska over at det kunne skje.

Verst i landet

Dag-Henrik Sandbakken

Dag-Henrik Sandbakken seier at Kommunaldepartementet ikkje vil gripe inn i økonomien til Stranda.

Foto: Nancy Bundt

– Per i dag veit eg ikkje om andre kommunar i landet som er vanskelegare økonomisk stilt enn Stranda, seier statssekretær Dag- Henrik Sandbakken i Kommunaldepartementet.

Han innrømmer at dei i departementet er forundra over at Stranda er så ille ute, sidan det har vore sterk vekst i kommunesektoren dei siste åra.

Departementet er no i tett dialog med Fylkesmannen som på vegner av staten fylgjer med kommunen.

Stranda er allereie på ROBEK-lista og har dermed innskrenka handlefridom. Alle låneopptak og investeringar må godkjennast av staten.

Vil ikkje gripe inn

Kommunaldepartementet vil ikkje gripe inn utover dette.

– Det er lokalpolitikarane som må løyse problema. Dei må lage ein plan for korleis underskotet skal dekkast inn og dei må tilpasse tenestetilbodet sitt ut ifrå økonomien, seier Sandbakken.

Skulle den dårlege økonomien gå utover tenestene som innbyggjarane har krav på, kan Stranda kommune søkje staten om ekstra midler. Dei kan også be om forlenga frist på å kome i balanse.

Terrakommunar

Sandbakken har tru på at Stranda kommune vil klare å rydde opp. Kommunen jobbar no på spreng, før forslaget skal leverast 20. oktober.

– Vi hugsar alle saman Terra-saken der kommunane fekk store utfordringar. Fleire av kommunane er no inne i ein periode der dei har forplikta seg til ein plan for å få balanse i rekneskapen, seier Sandbakken.