NRK Meny
Normal

Eigedomsskatt, rådhussal og opning for sal av «arvesølvet»

Gjeld på over 890 millionar kroner og eit underskot som går mot 50 millionar: Onsdag kveld starta Stranda kommune ein brutal kuttprosess. Eigedomsskatten er på veg, og kommunen utelukkar ikkje sal av arvesølvet i Stranda Energi.

Kommunestyret i Stranda

Kommunestyremøte starta klokka 15.00. Mange gjekk på talarstolen før vedtak blei fatta godt ute på kvelden. Her går diskusjonen i éin av pausane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stranda-ordfører Jan Ove Tryggestad

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad må fort selje Stranda Energi for å balansere eit minusbudsjett. I dag vedtok han og resten av Stranda kommunestyre å kutte både stort og smått.

Foto: arkiv / NRK

Kommunestyremøtet i Stranda kommune starta klokka 15.00 på ettermiddagen.

Mange timar, samt mykje diskusjon og sjelegransking, seinare hadde Noregs verst økonomisk stilte kommune vedteke kutt etter kutt.

– Vi opnar av sal av energiverket for å synleggjere alvoret ovanfor fylkesmannen. Vi tek situasjonen på alvor, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad fast til NRK.no.

«Alt» kan bli kutta

For 890 gjeldsmillionar og eit stort underskot forsvinn ikkje av seg sjølv. Kommunen har vore på ROBEK-lista i lang tid, og blir kontinuerleg overvaka av kommunaldepartementet.

Stranda kommune har i lengre tid jobba med sal av det velkjende skianlegget i Strandafjellet. Etter kvart som tida har gått har både eigedomsskatt og sal av «arvesølvet» Stranda Energi blitt tema.

Ingen av partia i kommunen på Sunnmøre vil kutte i alle endar. Men etter at Fylkesmannen nekta å godkjenne budsjettet til Stranda kommune, poppar utrivelege kutt opp som nærmast heilt nødvendige.

Det endelege budsjettvedtaket skal takast 19. desember, men onsdag kveld vedtok kommunen mellom anna:

  • Å innføre eigedomsskatt
  • Å selje rådhuset
  • Verdivurdering og eit eventuelt sal av Stranda Eigedomsselskap AS
  • Sal av tomter, mykje landareal og gater i Stranda sentrum
  • Samanslåing av skule og barnehage i Liabygda, samt sal av barnehageeigedom

I tillegg opna altså Stranda kommune for å selje Stranda Energi. Eit sal av energiselskapet sit derimot svært så langt inne, og kommunen vil kjempe med nebb og klør for å unngå dette.

– Dei to neste månadene vil eg jobbe for eit alternativ til sal. Eg vil invitere med alle parti som vil vere med på, kall det, ein ekstraordinær dugnad, seier ordførar Tryggestad.

Dei endelege avgjerslene skal altså takast i desember, men i augneblinken ser kommunen ut til å kanskje måtte selje «alt».

Kalla den tidlegare Frp-ordføraren «glatt»

Petter Hjørungdal

Petter Hjørungdal i Senterpartiet kritiserte og kalla Frank Sve «glatt på ryggen».

Foto: Trond Vestre / NRK

Under kommunestyremøtet var svært mange oppe på talarstolen.

Mest aktiv var Frank Sve, tidlegare Frp-ordførar i Stranda kommune og no førar i ein stor og sterk opposisjon.

Han meinte mellom anna at ordførar og kommunen var treige, og meinte Frp sine budsjettforslag blei oversett.

Nokre timar ute i møtet fekk derimot Petter Hjørungdal i Senterpartiet nok:

– Eg har sete her og høyrt på deg, Frank Sve. Både i dag og andre gonger. Og du er bra glatt på ryggen! Hovudårsaka til dei økonomiske problema vi no har er ditt tidlegare regime. Ver klar over det!, tordna Hjørungdal frå talarstolen, før han gjekk tilbake til eigen plass.

Allereie midt i setninga blei Hjørungdal forsøkt avbrote, før både Frank og Ole Jørgen Sve, bror til Frank, reagerte kraftig og meinte ordføraren burde «klubba» Hjørungdal og stoppa tiraden.

Etter svært mange timar, og fleire stopp i møtet, blei derimot vedtaka fatta. Mest overraskande var det at kommunen opna for sal av Stranda Energi.

Frank Sve

Frank Sve kritiserte det noverande kommunestyret. Samtidig fekk han sjølv kritikk under kommunestyremøtet onsdag.

Foto: Arve ¯fstaas / FrP

– Einaste løysing

– Sal av Stranda Energi er den einaste farbare løysinga. Det er eit solid og veldig godt selskap som har ein solid verdi, meinte Frank Sve i Frp.

– Eg trur ikkje det finst nokon veg utanom. Det andre som blei diskutert er småtjafs i forhold.

Noverande ordførar Jan Ove Tryggestad har derimot eit håp. Likevel ser han at dagens vedtekne kutt kan bli for lite.

– Vi er usikre på om denne «hestekuren» er nok. Dei neste vekene vil bli avklarande når rådmannen legg fram sine tal.

– Men det kan hende kommunestyret blir utfordra på å gjere ytterlegare tiltak utover det vedtekne, slår Tryggestad fast til NRK.

– No når det først opnar for sal av energiverket. Kan ikkje de fort bli bundne til masta?

– Jau, det er sjølvsagt faren.

– Men Stranda kommune er i ein veldig spesiell, for å ikkje seie ekstrem, situasjon. Ingenting er ei umogleg løysing lenger, men vi skal jobbe hardt for å unngå eit sal av Stranda Energi.

Saka held fram under bildet.

Inge Gjærde

Inge Gjærde i Stranda Høgre meiner ei opning for energiverk-sal er heilt korrekt.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi må sjå ein høg nok pris

Høgre-veteran i Stranda, Inge Gjærde, ser derimot at eit sal av «arvesølvet» fort blir nødvendig.

– Det er ei korrekt prioritering å opne for sal.

– Og eg trur det er ein sånn dimensjon over kravet til balanse at blir vanskeleg å sjå føre seg ei løysing utan eigedomsskatt og sal av energiverket, sa Gjærde.

Han er derimot klar på at sal av energiverk ikkje blir aktuelt før ein veit den økonomiske effekta.

– Vi må sjå ein høg nok pris, elles blir det politisk umogleg å gjennomføre.

– Svir det Stranda kommune no gjer?

– Prosessen vi skal gjennom er krevjande og det blir heilt klart problematisk, sa Gjærde etter at den opne delen av kommunestyremøtet var ferdig.

Skisenterdiskusjon gjekk for lukka dører

For etter fleirfaldige timar med diskusjon blei møtet stengt. Då skulle salet av skisenteret på Strandafjellet diskuterast.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Tryggestad håper å få selt skisenteret snarast mogleg.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har fått på plass ein del formalitetar no, og vi håper inderleg at salet skjer før nyttår, sa ordførar Tryggestad etter det lukka møtet.

Håpet om eit snarleg sal er ikkje berre for pengane sin del.

– Det er òg i forhold til driftinga av Strandafjellet.

– Men vi forhandlar i desse dagar med éin konkret og seriøs kjøpar. Vi håper vi kjem i mål.

– Har pris vore diskutert?

– Ikkje på dette møtet, avslutta Tryggestad.

Kva tenkjer du om den økonomiske situasjonen som Stranda kommune er i?

Stranda skisenter

Skisenteret på Strandafjellet er noko av det Stranda kommune må selje for å minske gjeld.

Foto: Tom Anker Skrede