Hopp til innhold

– Folk blir sjukmelde for berre litt snufsing

SYVDE (NRK): Bedriftsleiar Øystein Giske i Vanylven hevdar det er alt for lett å bli sjukmeld. Tilsette opplever å bli sjukmelde i tre veker for berre litt snufsing, skriv han i eit brev til Fylkeslegen.

Øystein Giske

Øystein Giske er leiar ved fiskeforedlingsbedrifta Hofseth i Syvde i Vanylven på Sunnmøre.

Foto: Terje Reite / NRK

I dei tidlegare meieribygningane i Syvde i Vanylven går produksjonen for fullt. Laks passerer dei skarpe knivane i fileteringsmaskinane. Fiskehovud og bein hamnar i store kar, medan fine, beinfrie filetstykke går på produksjonsbanda til pakking og frysing.

– Sjukmeld for bagatellar

Men sjølv om produksjonen er på topp har bedrifta Hofseth i Vanylven fleire på sjukelista. Og bedriftsleiaren meiner for mange blir for lett sjukmelde alt for lenge.

Det er ikkje dei tilsette eg kritiserer. Det er legane. Eg reagerer på at det blir gitt ut lange sjukmeldingar på småting. Det kan vere snakk om litt snufsing. Eg stiller spørsmål ved kvifor det blir langvarige sjukmeldingar for bagatellar, seier leiar ved fiskeforedlingsbedrifta Hofseth i Syvde på Sunnmøre, Øystein Giske.

Giske seier det var NAV og Fylkeslegen som bad han om å ta opp saka i brevs form.

Hofseth Vanylven

Bedrifta Hoseth i Vanylven ligg i dei tidlegare meierilokala i Syvde. Her produserer dei fisk av forskjellig slag, gjerne i form av frosne filetprodukt.

Foto: Terje Reite / NRK

– Gjer folk sjukare enn dei er

I eit brev til Fylkeslegen hevdar bedriftsleiaren at tilsette opplyser sjølve at dei får tilbod om sjukmelding når dei er hos legen.

Øystein Giske

Bedriftsleiar Øystein Giske har skrive brev til Fylkeslegen og kritiserer praksisen kring sjukmeldingar. – Folk blir sjukmelde for småting, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kvifor går sjukmeldingane alltid inn mot ei helg? Gjer legane folk sjukare enn dei faktisk er? Ein forkjøling eller ei snue er vel ikkje noko ein treng fjorten dagar til å kome seg på, seier bedriftsleiaren.

– Avviser fullstendig

Kritikken frå Øystein Giske rettar seg i første rekkje mot det kommunale legesenteret i Vanylven på Sunnmøre. Kommunalsjef Arnhild Nordaune avviser legesenteret har ein praksis som er i strid med gjeldande regelverk.

Eg har full tiltru til at legane i Vanylven følgjer folketrygdlova og at dei gjer ei fagleg, medisinsk vurdering av den enkelte pasienten si funksjons- og arbeidsevne, seier kommunalsjefen.

– Vi vil ha dialog

Øystein Giske nyttar høvet til å rose den lokale legestanden for arbeidet dei gjer når folk er akutt sjuke. Men han såg gjerne at det blei større fokus på å få folk tilbake i jobb framfor å skrive ut sjukmeldingar.

– For bedrifta har dette sjølvsagt også ei økonomisk side. Og i arbeidsgjevarperioden er det slik at vi kvar dag nokon er borte frå arbeidet betalar for ei teneste som ikkje blir utført.

Du seier du ikkje går til angrep på dei tilsette. Men korleis tek du dette opp med dei?

– Vi har ein kommunikasjon mellom leiinga og dei tilsette på dette. Vi er ikkje perfekte, men vi prøver å få folk tilbake i arbeidslivet ved å bruke bedriftshelsetenesta der vi har ein god dialog.

Fylkeslegen har ikkje funne grunn til å utføre noko ekstra tilsyn ved legesenteret i Vanylven på bakgrunn av brevet frå bedriftsleiaren ved Hofseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL