Hopp til innhold

– God dialog reduserer sjukefråveret

Bedriftsleiar Øystein Giske i Vanylven kritiserer det lokale legesenteret og seier at arbeidstakarar blir sjukmelde for bagatellar. NAV oppmodar til god dialog om helsa til tilsette alt før nokon blir sjuke.

Hofseth Vanylven

Hofseth i Vanylven er ei av bedriftene der bedriftsleiinga tykkjer det er for lett å bli sjukmeld.

Foto: Terje Reite / NRK

Øystein Giske i Vanylven er ikkje nådig i kritikken mot legestanden, som han meiner skriv ut sjukmeldingar for bagatellar.

Øystein Giske

Øystein Giske er dagleg leiar ved Hofseth i Vanylven.

Foto: Terje Reite / NRK

Hege-Beate Skjølberg

Hege Beate Skjølberg er avdelingsdirektør i NAV.

Foto: NAV
– Eg reagerer på at det blir gitt ut lange sjukmeldingar på småting. Det kan vere snakk om litt snufsing. Eg stiller spørsmål ved kvifor det blir langvarige sjukmeldingar for bagatellar, seier Giske. Han er dagleg leiar ved fiskeforedlingsbedrifta Hofseth i Vanylven.

– Dialog er viktig

Det er NAV som held oppsyn med og styrer med lovar og reglar som gjeld sjukmeldingar i arbeidslivet. Hovudmålet til NAV er at arbeid skal styrke helsa til folk og at det å vere i arbeid er helsefremjande i seg sjølv.

Avdelingsdirektør i NAV Møre og Romsdal, Hege Beate Skjølberg, seier at dialogen mellom tilsette og bedriftsleiinga er det aller viktigaste for å få ned sjukefråveret. Og denne dialogen må skje før den tilsette vert sjuk.

– Ofte ser ein at deler av det som har med sjukefråveret å gjere handlar om menneskelege relasjonar. Då er det viktig med ei bedriftsleiing som får den tilsette til å kjenne seg viktig og betydningsfull.

– Opp på dette er det viktig at både tilsette, bedriftsleiing og legestanden har eit felles mål som byggjer på at det er helsefremmande i seg sjølv å vere i arbeid.

– Ulik praksis

Ei rundspørjing på gata i Ålesund viser at spørsmål rundt sjukmelding er litt ømtåleg. Mange ser at sjukmeldingar lett kan misbrukast. Temaet er likevel vanskeleg, for sjukmelding er viktig for dei som faktisk treng det.

– Nokre misbrukar sjukmelding. Og det er veldig synd om ein tenkjer på dei som verkeleg treng det. Men folk må ta ansvar for sine eigne liv og ikkje vere for raske med å prate for andre, seier Norunn Riste Paterson.

Marie Anett og Norun

Marie Anett Riste og Norunn Riste Paterson på tur i gatene i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ikkje alle går god for at det er for enkelt å få sjukmelding.

– Det er ei vanskeleg problemstilling, og det kan vere farleg å seie at det er for enkelt, seier Marie Anett Riste.

Nokre har likevel merka seg at legestanden har ulik praksis for sjukmelding.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Men inntrykket mitt er at det varierer veldig frå lege til lege. Hos nokre er det for enkelt og hos andre kan det vere for vanskeleg. Så det er i stor grad opp til kvar enkelt fastlege, seier Roy Kvamme.

Roy Kvamme

Roy Kvamme har eit inntrykk av at fastlegane har ulik praksis når det gjeld sjukmelding.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Tilrettelegging på arbeidsplassen

NAV manar til samarbeid på arbeidsplassane for å få ned sjukefråveret. Ofte handlar det om å få lagt til rette for at arbeidstakarar som har fått ei plage eller ein sjukdom kan utføre oppgåver på arbeidsplassen.

– Slik sett er det viktig med ein løysingsorientert dialog, der det også er opning for graderte sjukmeldingar med tilrettelegging på arbeidsplassen, seier Hege Beate Skjølberg i NAV.