Hopp til innhold

– Ein milepæl for det nye sjukehuset

Det står framleis strid om bygginga av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Men likevel rullar planlegginga av sjukehuset på Hjelset vidare i uforminska styrke. I dag nådde prosjektet ein ny milepæl.

Åpning prosjektkontor fellessjukehus

Her blir prosjektkontoret for det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal offisielt opna.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Heilt aust på sjukehustomta står det gamle hybelbygget «Strandheim». Dette bygget er totalrenovert og gjort om til prosjektkontor for det nye sjukehuset. Frå i dag har opp mot 7 personar arbeidet her, og etter kvart skal organisasjonen utvidast.

Espen Remme

Espen Remme er direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I dag opna vi prosjektkontoret. Det er ein viktig og historisk dag. Her skal dei som skal planlegge både sjukehuset og det distriktsmedisinske senteret ha arbeidsplassane sine, seier direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

Også Kristiansund

Etter kvart skal det også etablerast eit prosjektkontor i Kristiansund. Helseminister Bent Høie har slått fast at det skal utviklast eit godt distriktsmedisinsk tilbod i nordmørsbyen. Dette skal ivareta dei lokale behova.

Difor etablerer vi eit prosjektkontor også i Kristiansund, mellom anna etter initiativ frå ordførar- og rådmannskollegiet ORKIDE om eit framtidsretta helse- og innovasjonssenter.

I dette senteret skal kommunane og spesialisthelsetenesta ha ansvaret for kvar sine felt.

Hovudkontor

Men det er ingen tvil om at prosjektkontoret på Hjelset skal spele rolla som hovudkontor for planlegginga.

Ja, det er svært viktig at fagmiljøa både i Molde og Kristiansund kjem inn til dette kontoret når det skal arbeidast med visjonen for den nye spesialisthelsetenesta for Nordmøre og Romsdal.

Prosjektkontor sjukehus

Det er det gamle hybelbygget «Strandheim» som er bygt om til prosjektkontor for det nye sjukehuset.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Planleggjarane arbeider no ut frå ein plan om at det skal ligge føre ein konseptrapport innan desember 2016. Denne rapporten skal danne grunnlaget for søknaden om finansiering. Denne søknaden går inn til Helse- og omsorgsdepartementet, og målet er at bygginga skal byrje i 2018. Innflyttinga skal etter planen skje i 2021.